Kapitalismen overtar tradisjonane våre


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er 14. februar. Menn spring av garde til butikken for å kjøpe sjokolade og til blomehandelen for å kjøpe ein overprisa bukett med roser. Har ein ikkje kjøpt noko denne dagen, er ein ikkje ein god kjærast. Etterpå legg damene ut bilde på sosiale medium av bukettane og skryt av sin fine kjærast. Det er tanken som tel, seier vi, men ein blir berre god av å ha trekt bankkortet i butikken.

Det er farsdag og morsdag. Igjen skal ein hylle sine kjære gjennom kjøpte gåver. I alle fall ifølge reklamane.

Valentinsdagen har blitt sterkt kommersialisert. I USA vart valentinsprodukt selde for omkring 144 milliardar kroner. I Noreg var salet på 255 millionar i 2015.

Det er 31. oktober og folk handlar inn smågodt og dyre kostyme som ikkje lenger treng å vere skumle. For den amerikanske Halloween handlar for kvart år mindre om den originale allehelgensaftan og meir om å vere sexy Pocahontas eller morosam pirat.

Opphavet til Halloween er både keltisk, katolsk og heidensk, og den meksikanske allehelgensaftan kjem frå å hylle dei daude. Jo meir allmenn ein slik fest blir, jo meir synest opphavet å svinne hen.

Black Friday kunne ha referert til den dagen i 1910, då 300 suffragettar demonstrerte utanfor Underhuset i London for å få røysterett. Eller den kunne ha vist til masseprotestane året før revolusjonen i Iran, der fleire hundre vart drepne. Men dei fleste hugsar likevel Black Friday som ein einaste stor kjøpefest der ein «hjelper» butikkane med gode kjøpstal.

Black Friday starta i USA. Omgrepet vart først nytta i Noreg i 2010. Foto: Powhusku/CC BY-SA 2.0-lisens

18. mars i fjor publiserte forfattaren Ida Jackson ein kronikk i Dagbladet. Ho ville ta eit oppgjer med kanskje den nyaste amerikanske importfesten: Babyshower. «Mange har påpekt at det selges en rekke ubrukelige produkter til oss kvinner, som krem mot strekkmerker. Men kremer som ikke virker er mye mindre rart enn alt som selges til babyer,» skriv ho.

Babydusjen handlar om å feire den høggravide dama ved å gje gåver til den ufødde babyen. Pynten er dekorert etter barnets kjønn, og gåvene likeså. Jackson meiner at det er etter fødselen at både mor og venner av mor burde ha nytta energien – slik det vart gjort ifølge norsk tradisjon: Barselgraut.

Tidlegare definert av religion – no definert av marknaden.

«Mamma fikk en kurv med ferdiglaget mat for mange dager, nybakt brød og ferdigstekte vafler. Nabokona som kom med kurven ble ikke lenge, men hun tømte bleiebøtta da hun gikk. Det kostet en tiendedel av det en vanlig babyshower gjør, og var uendelig mer satt pris på enn cupcakes med lyseblått storkemotiv.»

«Kjønnsavsløringsfest» brer om seg

Men babydusjen er ikkje den einaste baby-tradisjonen vi held på å importere frå USA. Eit fenomen kalla Gender Reveal Party, eller på norsk: kjønnsavsløringsfest, breier om seg.

Babyshower er sterkt kjønnsessensialistiske. Det vil seie at dei framhevar og skil mellom kjønna gjennom rosa og blå farge. Foto: Erin Warren/Flickr

Festen går ut på at nokre av gjestane veit kjønnet på babyen til eit vordande par, medan dei sjølve ikkje veit det. På festen blir dette avslørt, i form av blå eller rosa farge på innsida av ei kake, eller i form av rosa eller blå pynt i sprekkande ballongar.

Eg vil ikkje vere nokon «partypooper» og øydelegge moroa eller den gleda folk kan få av desse festane. For mange er dei nok berre koselege «ekstratradisjonar». Men nokon må faktisk gje beskjed når det har gått for langt.

Kjønnsavsløringsfest? Kvifor har kjønnet på babyen så enormt mykje å seie? Og kvifor feire det? Slike festar, som etter kvart overtar våre tradisjonar i Noreg, er sterkt kjønnsessensialistiske. Vi dyrkar kjønnet til eit lite menneske til og med før det er fødd.

Og med det overtar kommersialiseringa både lommeboka og kalendaren. Butikkjedene seier at vi skal feire både det eine og det andre, og vi gjer det utan å nøle. Borna skal helst ha nye Halloween-antrekk kvart år, vi skal ha dyre blomar i vasa på Valentinsdagen og babyen skal ha Converse-sko eller sparkebukse frå Tommy Hilfiger før ho kan opne augo.

Vi gløymer historia og tradisjonane slik dei var

Målet er enkelt: Menneskelege relasjonar kan ikkje bli fullverdige utan materielle gåver til dei høva som kapitalismen har definert for oss. I ei tid der pengar betyr alt, gløymer vi historia og tradisjonane slik dei var. Tidlegare definert av religion – no definert av marknaden.

Oppi det heile gløymer vi kanskje også dei gamle, norske tradisjonane, fordi dei blir utkonkurrerte av amerikanske bedrifter sine salspåfunn. Ikkje alle ønskjer seg religiøse feiringar når dei ventar eller får barn. Men er det ein god ide å la butikkjeder overta alternativet?