«Jula handlar om meir enn gåver – ho handlar om fellesskap»
Organisasjonane gjer ein enorm innsats, men dei kan ikkje vere løysinga åleine. Det er staten sitt ansvar å sørgje for at ingen står utanfor fellesskapet, skriv i Julie Trengreid Gruer i AUF i Akershus.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
For mange handlar jula om kjærleik og gåver. Vi snakkar om hygge, varme og tradisjonar. Men sanninga er at for altfor mange familiar i Noreg handlar jula om noko heilt anna. Ho handlar om stress, tomme lommebøker og kjensla av å ikkje strekkje til.
Lange matkøar
Bak dei glitrande julelysa finst det hundrevis av menneske som står i kø ved matsentralane, ikkje fordi dei ynskjer det, men fordi dei ikkje har noko anna val. For dei handlar jula ikkje om kva dei skal gje, men korleis dei skal få mat på bordet.
Dei siste åra har levekostnadene skote i vêret. Matvareprisane er høgare, straumrekningane et opp løna, og dei auka rentene gjer at endå fleire slit med å få endane til å møtast.
Og kven er det som vert ramma hardast? Det er familiar med låg inntekt, einslege forsørgjarar og unge som prøver å etablere seg.
Jula, som for mange symboliserer varme og glede, blir for andre ei tid med skam og bekymringar.
Det er barn som veks opp utan moglegheit til å glede seg til julegåver eller julekaker
Det er barn som veks opp utan moglegheit til å glede seg til julegåver eller julekaker, som sit att med ei kjensle av utanforskap fordi dei ikkje har dei same opplevingane som klassekameratane. Dette er ei urettferd som vi som samfunn ikkje kan akseptere.
Samtidig ser vi fleire i arbeidslivet som likevel ikkje har nok til å klare seg. Folk som arbeider i låglønsyrke, kanskje i deltidsstillingar, står framleis i kø utanfor matsentralane. Dette viser kor stor ulikskapen har blitt.
Fellesskap og rettferdig fordeling
Arbeidarpartiet har alltid stått for fellesskap og rettferdig fordeling. No, meir enn nokon gong, må vi hugse desse verdiane.
Vi må sørgje for at jula ikkje berre blir ei tid for dei som har mest, men òg ei tid der vi tek vare på dei som har minst.
Det er mange måtar vi kan bidra på. Vi treng betre støtteordningar som sikrar at folk har pengar til å betale for det mest nødvendige.
Sosialhjelpa må justerast til å møte dagens kostnader
Barnetrygda må aukast, og sosialhjelpa må justerast til å møte dagens kostnader.
Vi må ta kampen mot deltidskulturen i arbeidslivet og sikre at fleire får faste, heile stillingar som gjev økonomisk tryggleik.
Vi må òg styrkje matsentralane og andre frivillige organisasjonar som hjelper familiar i krise. Desse organisasjonane gjer ein enorm innsats, men dei kan ikkje vere løysinga åleine. Det er staten sitt ansvar å sørgje for at ingen står utanfor fellesskapet.
Du kan gjere ein forskjell
Samtidig må vi alle hugse at vi som enkeltpersonar kan gjere ein forskjell.
Kanskje kan vi gje litt ekstra til Frelsesarmeen eller matsentralen, kanskje kan vi invitere nokon som er åleine, eller berre strekke ut ei hand til dei rundt oss.
Jula handlar om meir enn gåver. Ho handlar om fellesskap. Om at vi som samfunn lyfter kvarandre, og særleg dei som har det vanskelegast.
Lat oss vise at fellesskapet er sterkare enn skilnadene, og at vi saman kan gje fleire ei verdig jul.