Han lever bak ei maske

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Hallingdølen.

Dei blå augo er audmjuke. Snille. Sårbare på ein måte. Han er stille. Den høge, breiskuldra kroppen lutar litt der han viser veg inn på skulen. Som om han prøver å gøyme seg. Som om dei høge fjella gjer han mindre enn han er. Sanninga er at folkehøgskulen her ved Hardangerfjorden har vore ei brikke på vegen mot ei sterk ryggsøyle i det nye livet til Ludvig Solheim frå Nesbyen. Eller Lois Cosplay som han kallar seg i dag.

I London: Louis Cosplay som Deadpool, her i lag med Aqua woman. Foto: Privat

COSPLAY – EVERY SINGLE DAY. Han smiler. Og syner den styrken folk får når dei har noko som engasjerer i livet. Noko dei har lært seg og kan ein del om. Han fortel og om seg sjølv. Om vesle Ludvig som hadde det tøft. Som vart vrang. Som kom i fosterheim. Dysleksi gjorde ikkje ting betre.

Louis Cosplay: Det er tredje året Hardanger Folkehøgskule tilbyr cosplay. I år er lina nær dobla med 20 elevar.

– Eg vil nok aldri fortelje heile historia.

Han ser bort, summar seg og kikkar opp att. Han har brukt mange år på å godta handikapet sitt når det gjeld lesing og skriving. Han har jobba hardt for å bli betre, også som menneske. Han har jobba mykje med å finne ut kven han vil vere i livet. Han vil la fortida vere fortid.

– Det er det eg gjer i framtida som betyr noko, seier han bestemt. Han ser ikkje på seg sjølv som heilt normal. Kikkar ned når han seier det. Men kva er eigentleg normal? Og kven kan seie at dei er normale? Han seier han manglar sjølvtillit.

– Eg har jobba hardt med å styrke sjølvtilliten slik at eg kan gjere det eg vil med livet mitt. Til å finne eit miljø der eg passar inn.

Les heile intervjuet i Hallingdølen!