Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag meldte NTB at Norge har høgast sjukefråvær i Skandinavia. Det kom neppe som ei overrasking: Tidlegare har faktasjekktenesta faktisk.no konkludert med at det er hald i påstanden om at Norge har verdas høgaste sjukefråvær.

Unge Høgre-leiar Sandra Bruflot meiner det er på tide med kutt i sjukelønnsordninga. Foto: Unge Høgre

– Det trur eg ikkje er fordi vi er dobbelt så sjuke, seier Sandra Bruflot, leiar i Unge Høgre.

Ho vil ha endringar i det ho omtalar som «verdas rausaste sjukelønnsordning». Eit fleirtal av ungdomspartia er einige med Unge Høgre-leiaren. Blant desse er FpU.

– Velferdssamfunnet vårt er ikkje berekraftig, og då må vi ta ansvar for kommande generasjonar.

Det meiner Bjørn-Kristian Svendsrud, som er leiar for Framstegspartiets Ungdom.

– Vi bør innføre ein karensdag, og redusere utbetalinga til ein stad mellom 80 og 85 prosent under sjukdom, legg han til.

Uføretrygda får mindre enn korttidssjuke

Unge Venstre meiner dagens ordning vil føra til milliardunderskot om ho ikkje endrast:

– Unge Venstre ønsker å kutte i sjukelønnsordninga. Viss vi held fram med å jobbe som i dag og beheld dagens nivå på velferdstenester, kjem vi til å gå med eit underskot på 600 mrd. kr. i 2060, seier nestleiar Ragnhild Forsberg.

KrFU-leiar Martine Tønnessen er på same linje.

– Ja, sjukelønnsordninga må endrast. Vi ser at vi ikkje har råd til å oppretthalde den i framtida.

Martine Tønnessen er leiar i KrFU. Foto: Mathilde Pettersen

– Det er dessutan urettferdig at ein får 100 prosent av lønna si viss ein er litt sjuk, men berre 66 prosent dersom ein blir varig sjuk og fell ut av arbeidslivet, påpeikar ho.

66 prosent er satsen som uføretrygda får utbetalt. Tønnessen vil at korttidssjuke heller skal få 80 prosent av full lønn, slik at skilnaden mellom dei to satsane minskar.

Kronisk sjuke skal vera unntatt

Senterungdomen er også positive til å gjennomføra endringar.

– Senterungdommen ønsker å endre dagens sjukelønnsordning. Vi må sikre at fleire er i arbeid og dermed bidra til å redusere statens utgifter. Derfor vil vi redusere sjukelønna til 90 prosent og innføre to karensdagar.

Det vil redusere korttidsfråværet og gjere det meir lønnsomt å jobbe, meiner ungdomspartiet.

Kronisk sjuke skal være unntatt, og Norge vil sjølv med desse endringane ha ei av verdas beste ordningar, hevdar leiar Ada Arnstad.

– Ein blir ikkje friskare av mindre pengar

I Grøn Ungdom er ein tilsynelatande open for endringar i ordninga, men ikkje under dagens regjering.

– Sjukelønsordninga bør i alle fall ikkje endrast av ei borgarleg regjering. Då risikerer me å få ei sjukelønnsordning som låglønna taper på.

– Viss ein skal kutte i sjukelønna ein gong i framtida, må det skje på en måte som skjermar folk med låg inntekt, meiner talsperson for ungdomspartiet Hulda Holtvedt.

(Saka held fram under biletet)

Leiarane av ungdomspartia framfor Stortinget. Påstand: vi må kutte i sjukelønna for å finansiere velferdsstaten. Foto: Beate Haugtrø

På venstresida av politikken er det meir eller mindre unison semje kva gjeld sjukelønn.

–  Vanlege arbeidsfolk og folk som blir sjuke skal ikkje måtte ta rekninga for dei som meiner sjukelønna ikkje er berekraftig, seier Sosialistisk Ungdom-leiar Andrea Sjøvoll.

Ho utdjupar:

– Vi må ha eit trygt arbeidsliv der ingen skal bli pressa til å gå på jobb sjuke eller risikerer å miste inntekt fordi dei er sjuke. Ein blir ikkje friskare av mindre pengar, berre fattigare.

Fryktar «amerikanisering» av arbeidslivet

Også AUF er kritiske til å gjera endringar i ordninga. Rådgivar i ungdomspartiet Jan Halvor Endrerud meiner tvert om at sjukelønna bidrar til auka produktivitet og effektivitet:

– Full lønn ved sjukdom er eit ufråvikeleg prinsipp for AUF. I Norge skal vi ikkje dra på jobb om vi er sjuke, og ingen skal heller frykte for jobben om dei blir sjuke. Sjukelønnsordninga er for eksempel ei av årsakene til at produktiviteten og effektiviteten i norsk arbeidsliv er høgare enn i mange andre land.

Det stiller også Raud Ungdom-leiar Tobias Lund seg bak.

Tobias Drevland Lund er leiar i Raud Ungdom Foto: Frida Ropphaugen

Tobias Drevland Lund er
leiar i Raud Ungdom Foto: Frida Ropphaugen

– Raud Ungdom er motstandarar av usosiale kutt i sjukelønnsordninga. Vi vil heller sjå på andre måtar å få ned sjukefråværet på, slik som å legge til rette for eit godt organisert arbeidsliv med heile, faste stillingar og betre bemanning – særleg i slitaryrka, fortel han.

– Det er nemleg ein forskjell om ein ser på sjukefråværet til advokatane eller legane, mot sjukefråværet til sjukepleiarar og vaskehjelper. Også er vi mot ein amerikanisering av arbeidslivet, som kutt i sjukefråværet legg opp til, utdjupar Lund.

Med det er heile fem ungdomsparti positive til å kutta i ordninga, og Grøn Ungdom er opne for det. AUF, Sosialistisk Ungdom og Raud Ungdom avviser derimot kutt i ordninga.