Velferd eller velstand?

Lone Lunemann Jørgensen er masterstudent i retorikk ved Universitetet i Oslo. Foto: Privat

Lone Lunemann Jørgensen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Forbruket i norske husstandar har auka med 137 prosent sidan 1982. Dei menneskeskapte klimaendringane er ikkje lenger eit mogleg framtidssenario. Dei skapar ekstremvær her og no.

Den teknologiske utviklinga gjer at jobbane våre kan bli lettare. Samstundes gjer endringar i arbeidslivet at alle må stå lengre i jobb.

Kravet om vekst i økonomien er blitt eit mystisk mantra – ganske uhandgripeleg for oss alle, men noko alle er samde om. Den rådande politiske linja er at vi må jobbe meir.

Sekstimars arbeidsdag vil gagne oss alle

Eg meiner det er på tide å løfte blikket og stille spørsmålet: Er vi menneske til for det økonomiske systemet – eller er det motsett?

Tek vi utgangspunkt i at vi menneske sjølv skapar dei systema vi lever i og på nåde av, så må vi no ta nokre grep.

LO-kongressen sette igjen saka på dagsorden då dei i vår vedtok at dei skal jobbe for reduksjon av arbeidstida. Eg meiner det er klart at vi no må ta fram seks timars arbeidsdag frå arkivet for gode politiske intensjonar, blåse støvet av det, og seie at ja, dette vil gagne oss alle.

Føregangskvinner

For mange har debatten om seks timars arbeidsdag fyrst og fremst vore ein debatt om likestilling. Det er ikkje tilfeldig at røystene som snakkar høgast om å redusere arbeidstida er kvinner. Dei tradisjonelle kvinneyrka er dei med lågast lønn, mest ufrivillig deltid og høgast sjukefråvær.

I desse bransjane er det kanskje lettast å sjå den kortsiktige verdien av kortare arbeidstid: Fleire kan få jobb, og fleire kan få heiltidsstillingar. Å jobbe deltid gjer at det er vanskeleg å forsørge seg sjølv, både når ein er i arbeid og som pensjonist.

I staden for at kvinner i desse yrka skal bli skulda for å «ikkje gidde» å jobbe heiltid, så kan vi gjere noko med høva for nettopp den heiltidskulturen som har vore etterlyst.

Lone Lunemann Jørgensen er masterstudent i retorikk ved Universitetet i Oslo. Foto: Privat

Lone Lunemann Jørgensen er masterstudent i retorikk ved UiO. Foto: Privat

Skal vi alltid slåst for at nokon profitterer mest mogleg på oss?

Ein orkar meir

Dei forsøka som har blitt gjort med reduksjon i arbeidstida på sjukeheimar og andre kvinnedominerte arbeidsplassar har og synt at det gjev ein stor helsegevinst. Ein orkar meir, både på jobb og heime.

Det er ikkje det same som at sjukefråværet går ned. Eit inkluderande arbeidsliv med plass til gravide kvinner og eldre med fleire helseplagar enn sine yngre kollegaer, gjer at sjukefråværet held seg.

Det må vi ha råd til.

Tid til å vere i lag

Samstundes handlar kampen for seks timars arbeidsdag om noko meir.

Kvinnekampen har dreidd seg mykje om å gjere vilkåra like for både kvinner og menn i arbeidslivet; likeløn, like mogleikar til å gjere karriere og foreldrepermisjon er nokre døme på dette.

Dette er rettar som kjem både individa og heile samfunnet til gode, men eg meiner vi må snu spørsmålet på hovudet: Skal vi alltid slåst for at nokon profitterer mest mogleg på oss?

Skal vi ikkje heller jobbe for at vi skal nytte meir av tida vår på familien, på å vere ilag og å utvikle oss som menneske? Dette er ein verdi i seg sjølv, og treng ikkje tyde at verdiskapinga går ned, slik arbeidsgjevarsida bastant hevdar.

Utopien

Argumentet frå arbeidsgjevarorganisasjonane mot ein arbeidstidsreform handlar om at alle må jobbe meir for å auke produksjonen og å finansiere velferdsstaten. Ideen om reduksjon i arbeidstid blir framstilt som ein utopi: Kravet om seks timars normalarbeidsdag kjem til å øydelegge verdiskapinga vår, heiter det seg.

Men det er ein logisk brest i dette. Om folk med tunge yrke jobbar kortare dagar, kan dei helsemessige gevinstane føre til at fleire nettopp kan stå lenger i arbeid.

Med ein auke i talet på arbeidsføre, vil det sjølvsagt vere meir samfunnsnyttig at fleire har tilgang på lønnsarbeid enn at dei er sosialhjelpsmottakarar.

Tida får vi ikkje tilbake

Dei siste 30 åra har velstanden auka såpass at det no må vere lov å seie at det ikkje er behov for meir i form av pengar for dei aller fleste av oss.

Auka verdiskaping kan vi heller ta ut i meir fritid – anten ved seks timars arbeidsdag eller 30 timars arbeidsveke. Tida vi nyttar på jobb i staden for med ungane våre er ikkje berre timar i ein abstrakt rekneskap. Det er liva våre. Det er tid vi ikkje får tilbake.

Dette handlar heller ikkje berre om tid med ungar eller venner. Det handlar om berekraftig forbruk. Andre august i år var jordas ressursar «brukt opp», det vil seie at vi har brukt meir enn jorda klarar å reprodusere innan eit år. Det er berre 15 år sidan denne datoen falt i oktober.

Vi kan rett og slett ikkje halde på slik vi gjer, om kloden skal vere leveleg også i framtida. Noreg må gå føre, fordi vi kan.

At vi skal få både meir pengar og meir fri er urealistisk.

Teori og praksis

Det er klart at ein arbeidstidsreduksjon som denne tek tid. Ein kan ikkje berre kutte 1,5 time frå normalarbeidsdagen frå eit år til det neste og tru alt ordnar seg.

Ein må for det fyrste, slik LO ser for seg, jobbe for dette som ein allmenn, kollektiv arbeidslivsreform. Det må komme alle til gode, og ikkje berre overlatast til lokale forhandlingar.

For det andre må fagrørsla utarbeide ein strategi for korleis ein skal drive lønsutviklinga i åra som kjem. At vi skal få både meir pengar og meir fri er urealistisk.

Fleire veger til målet

Ulike bransjar har og ulike behov for korleis arbeidskrafta fordelast. Derfor må reforma baserast på forsøk som er gjort i både inn- og utland.

Om ein jobbar skift treng jo ikkje reduksjon i arbeidstida å tyde at døgnet delast i fire og at ein må jobbe korte, ulaglege nattskift, men at timetalet på vekebasis kortast ned.

Dei som ikkje jobbar i harde, fysiske yrke kor det å gje seg etter seks timar kvar dag er naudsynt, kan heller korte ned arbeidstida på andre måtar.

Heller velferd enn velstand

I 1919 blei åttetimars normalarbeidsdag innført i Noreg etter ein lang og hard kamp. Internasjonalt var dette ei sak for fagrørsla heilt frå 1880-talet.

Argumenta mot var dei same som forkjemparane for sekstimarsdagen møter no. Ein høyrte og høyrer at kravet kjem på feil tid. Det går alltid anten for dårleg eller for godt i økonomien til at ein kan gjere noko.

Kravet var dessutan urealistisk, produksjonen kom til å gå ned, og folk ynskte jo å jobbe lange dagar for å tene meir pengar.

Det kan synast vanskeleg å skulle gjere store strukturelle endringar i samfunnet som grip sånn inn i ideane om kva som er lønsamt. I våre dagar har den blåblå regjeringa auka talet på timar ein kan jobbe før ein får overtidsbetalt.

Eit arbeidsliv å leve med

Kravet er heller ikkje så rotfesta i befolkninga som det kunne ha vore. Den kortsiktige gleda i å ha gode pengar utbetalt, og ikkje minst lønsauke, er viktig for folk.

Men på same måte som at ein servitør kan kjenne på gleda over å få utbetalt store summar tips for jobben ho gjer, så kan ein samstundes jobbe for at den same servitøren skal ha ei løn å leve av.

Spørsmålet vi må stille oss er kva for eit arbeidsliv vi ynskjer oss. Er det eit arbeidsliv vi kan leve med, bokstaveleg talt?

Kven er økonomien til for?

Det økonomiske systemet er ikkje mogleg å styre demokratisk på alle plan. Men eg trur det lønar seg å tenke over kven det er til for, og kvifor vi er så opptekne av verdiskaping.

Dei verdiane vi produserer i samfunnet har vi som menneske behov for, uansett om nokon profitterer på produksjonen eller ikkje. Og det er no vi har råd til å ta ut ein verdi som ikkje kan målast i pengar: Tid.