Halve Noreg fekk pengar frå Nav i fjor

Annankvar person busett i Noreg fekk ein stønad frå Nav minst éin gong i 2017. Ein av tre i arbeidsfør alder fekk ei yting som erstatning for inntekt.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det vart utbetalt 421 milliardar til personar busette i Noreg i fjor. I gjennomsnitt vart det utbetalt 80.000 kroner per innbyggjar, viser årsstatistikken for 2017 som Nav publisert tysdag.

Alderspensjonistar toppar lista (953.800 personar), følgt av mottakarar av barnetrygd (726.600) og sjukepengar (497.800).

– Sjølv om mange av mottakarane får utbetalt alderspensjon og barnetrygd, ser vi likevel at kvar tredje innbyggjar i arbeidsfør alder fekk ei livsopphaldsyting frå Nav i fjor, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Høgast i Aust-Agder

Ytingar til livsopphald er sjukepengar, dagpengar, arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og andre ytingar som knyter seg til arbeid eller sjukdom. Til saman utgjorde dette 172 milliardar kroner i fjor og vart utbetalt til 1. 152.000 personar.

Det betyr at kvar tredje person (34 prosent) i alderen 18–66 år som var busett i Noreg i fjor, fekk ei slik yting minst éin gong i løpet av året. På månadsbasis var delen éin av fem (20 prosent). Oslo ligg lågast med 15 prosent og Aust-Agder høgast med 27 prosent.

209 milliardar kroner var pensjonsutbetalingar, 172 milliardar var arbeids- eller sjukdomsrelaterte ytingar, 36 milliardar var ytingar til foreldre og 4 milliardar var utbetaling av andre stønader.

Alderspensjonistar

Auken i utbetalingane til personar busette i Noreg frå 2016 til i fjor var på 11 milliardar kroner (3 prosent). Det aller mest av veksten kjem av at det vart utbetalt 9 milliardar meir til alderspensjonistar (5 prosent auke) og 3 milliardar meir til mottakarar av uføretrygd (4 prosent auke).

Dagpengar hadde ein reduksjon på 1,4 milliardar kroner (9 prosent reduksjon). Ifølgje Nav speglar dette betringa i arbeidsmarknaden og nedgangen i arbeidsløysa gjennom året.

For dei andre stønadane var det mindre aukingar og reduksjonar som i sum svarar til 0,3 prosent auke frå året før.