Ottar Grepstad utnemnd til riddar

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grepstad får utnemninga for innsatsen han har gjort for å fremje nynorsk språk, litteratur og skriftkultur.

– Dette er litt pinleg og mest stas. Eg har hatt god tid til å venje meg til dette, men står framleis utanfor tanken. Eg har gjort ein jobb og sikkert meir enn eg måtte, mest fordi det har vore kjekt og så mange fine folk eg har fått samarbeide med, seier Ottar Grepstad i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

Går av som direktør ved Nynorsk kultursentrum etter 19 år

Tidlegare i vår blei det kjent at Grepstad går av som direktør ved Nynorsk kultursentrum 1. november etter 19 år i direktørstolen.

Grepstad har òg skrive eller redigert over 20 bøker. Han var rådsmedlem i Norsk kulturråd frå 2005 til 2010 og styremedlem og seinare styreleiar i Språkrådet frå 2006 til 2015.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum blei skipa i 1993 for å drive Ivar Aasen-tunet. Grepstad blei tilsett som direktør i 1999 og var med det den første fast tilsette i stiftinga.

Riddar-dekorasjonen blir overrekt ved eit arrangement på Ivar Aasen-tunet i Volda onsdag 6. juni 2018.