Direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum i Ørsta har oppdatert bibliografien "Skjønnlitterære debutantar på nynorsk og dialekt" frå 2015.
Nynorsk Pressekontor

– Over 1.400 forfattarar har debutert skjønnlitterært på nynorsk eller dialekt i bokform. Halvparten av dei kom etter 1960, seier Grepstad i ei pressemelding.

Dei skjønnlitterære debutantane har komme ut på nærare 300 forlag, men i dei seinare tiåra står nokre få forlag for dei fleste utgivingane. Dei siste 50 åra har Det Norske Samlaget gitt ut kvar tredje debutant.

ANNONSE