Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framlegg i dag: Nå kan det bli slutt på sugerøyr, bestikk, Q-tips og ballongar av plast i Europa

  • EU-kommisjonen presenterte tidlegare i dag sitt framlegg til plastdirektiv.
  • I forslaget går det fram at ein vil forby eingongsartiklar av plast. Kommisjonen siktar seg spesielt inn mot dei ti plastprodukta som ein finn mest av i naturen.
  • Forbodet gjeld blant anna sugerøyr, plastbestikk, Q-tips, ballongar og og plastbeger.

Produsentar av produkt som plastposar, sigarettar med plastfilter og godteri-innpakning skal bli pålagt å dekka kostnader knytt til gjenvinning og opprydding.

Kommisjonen føreslår også betre merking av kor ulike produkt skal gjenvinnast. Forbrukarane skal dessutan informerast betre om farane med plastemballasje.

Framlegget frå EU-kommisjonen vil også påverke EØS, som Norge er ein del av, og med det ha betydning også her til lands.

– Nesten umogleg for forbrukarane å unngå plast

Framtida.no har spurd talsperson i Grøn Ungdom Hulda Holtvedt om kva ungdomspartiet tenker om framlegget.

– Kvifor treng me eit forbod mot eingongsplast?

– Enorme mengder plast hamnar i naturen, der den spreier seg i næringskjeder og økosystem, og skader dyrelivet. Dessutan blir plast framstilt frå fossil energi, og oljeproduksjon er veldig forureinande, seier Holtvedt.

Enorme mengder plast hamnar i naturen, der den spreier seg i næringskjeder og økosystem, og skader dyrelivet.

– I dag er det nesten umogleg for forbrukarane å unngå plast. Dei Grøne har lenge tatt til orde for eit forbod mot unødvendig eingongsplast for å sette ein stoppar for forsøplinga, men regjeringa har sagt nei. Da er det kjempebra at EU kjem oss i forkjøpet.

– Papiremballasje har vist seg å ha jamt over høgare CO2-utslepp enn plast. Vil ikkje resultatet dermed bli høgare utslepp?

– Papirposar er openbart best i kampen mot forsøpling fordi dei er nedbrytbare. Men alle typar forbruk har miljøkostnader, og difor må me redusere forbruket vårt av både posar og andre produkt for å skåne miljøet. Ja til solide bærenett som kan bli brukt mange gonger!

Hulda Holtvedt er talsperson i Grønn Ungdom. Foto: Grønn Ungdom.

Bioplast ikkje noko alternativ

– Somme fryktar at produsentane berre vil bytta ut plast med bioplast, som heller ikkje er nedbrytbart. Kva tenker dokker om det?

– Å byte til ikkje-nedbrytbar bioplast er ei jukseløysning som ikkje løyser plastproblemet i det hele tatt. Difor må me stille krav til at materialar skal vere både nedbrytbare og fossilfrie.

Også forskaren Georg Mehlhart har sterke meiningar om bioplast.

– Denne frykten er grunnlaus. Eingongsplast er eingongsplast, uansett om ein lagar det av fornybare eller fossile råstoff. Mange såkalla bioplastprodukt brytast svært dårleg ned i naturen. Derfor vil det, slik eg ser det, ikkje komma noko unntak for bioplast som kan vatna ut forbodet, uttalte Mehlhart til den tyske avisa Süddeutsche Zeitung.

Eingongsplast er eingongsplast, uansett om ein lagar det av fornybare eller fossile råstoff.

– Bør ikkje folk få bestemma sjølv om dei vil bruka eingongsplast?

– Plast er eit produkt med store eksterne kostnader for miljø og natur, så nei. Alle har interesse av eit reinare miljø. Eit forbod mot eingongsplast vil tvinge fram gode alternativ, og blir ikkje til ulempe for forbrukarane.

– Er det så viktig kva me gjer i Norge og Europa, når mesteparten av plasten kjem frå Asia?

– Det same kunne ein sagt om klimagassutslepp, fordi Kina har størst utslepp. Men alle land og verdsdelar har ansvar for å rydde opp i si eiga forureining. Miljødugnaden blir ikkje vellukka før alle er med, avsluttar Holtvedt.