Sju av ti nordmenn meiner plastsøppel i havet bør vere den viktigaste miljøsaka i 2018, viser ei ny undersøking.

Enda fleire, 82 prosent, meiner dessutan at Noreg har eit spesielt ansvar for å sørgje for ein sunn sjø og eit reint hav, viser undersøkinga, som Norstat har gjort for Norad (Direktoratet for utviklingssamarbeid).

72 prosent meiner plast i havet bør vere den viktigaste miljøsaka i Noreg i år, mens 68 prosent ser plastforsøplinga av havet som den største miljøtrusselen i vår tid.

LES OGSÅ: Dette veit forskarane om plast i havet

NRK skriv at Norad no vil setje av 150 millionar kroner i bistand og samarbeid for å hindre at plasten fyller opp hava. Pengane skal særleg gå til utvikling av søppelhandtering i Asia.

Noreg var òg ein av pådrivarane da FN i desember vedtok ein nullvisjon for marin forsøpling i pakt med FNs berekraftsmål for livet i havet.

– Noreg skal bidra til at verda når FNs berekraftsmål innan 2030. For å lykkast må mange ulike aktørar ta ansvar. Derfor er vi veldig glade for at mange kjenner til problemet og er opptatt av at Noreg skal bidra til å finne løysingar, seier Norad-direktør Jon Lomøy til NRK. (©NPK)

LES OGSÅ: Fann plast i havsalt verda rundt

Oppdatert: fredag 20. april 2018 13.43

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE