Nordmenn er overraska over eigne utslepp, og lite villige til å kutte

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Forskinga vår viser tydeleg at vi ikkje vil lykkast med å kutte nok utslepp frå private husstandar viss vi skal basere oss på frivilligheit, seier Karen R. Moberg ved Vestlandsforsking til forsking.no.

Ho har saman med forskarar i Sverige, Tyskland og Frankrike undersøkt korleis vanlege folk stiller seg til å bidra til reduksjon i klimagassutsleppa gjennom å skjere ned på forbruket sitt.

Lite vilje til forbrukskutt

Ein slik reduksjon kan vere nødvendig for å nå måla i Paris-avtalen, men mange land er det opp til innbyggarane sjølve å ta grep. Slik er det også i Norge. Gapet mellom kva innbyggarane gjer, og det som trengst, er ifølge Moberg stort.

Forskarane har gjort intervju i over 300 husstandar. Først gjennom detaljerte spørjeskjema om livsstil og forbruk, så med intervju i kvar enkelt husstand. Familiar har fått utdelt ei rekke tiltak på kort. Mellom anna «kutte kosmetikk-innkjøp med ein tredel», «gå over til kjøtfritt kosthald» eller «kutte halvparten av flyreiser til utlandet».

Overraska over eigne utslepp

Etter at forskarane hadde rekna ut effekten av tiltaka som familiane var villige til å gjere, var mange skuffa over resultatet.

– Ein del reagerte òg på at vanane og forbruket deira spelte ei såpass stor rolle i det overordna klimaproblemet. Det kan kjennast både skremmande og trist at ein sjølv er såpass lite villig til å legge om, seier Moberg.

Flyreiser, bilkøyring og kjøtforbruk var det som overraska mest. Det private forbruket må kanskje halvverast innan 2030, i så fall må vi gjere drastiske endringar i livsstil.

– Det er ikkje slik at ein aldri kan reise til Italia meir, men det går til dømes an å bruke lengre tid på reisa ved å velje tog i staden for fly, seier Moberg som meiner det er myndigheitene som i første omgang må legge til rette for at private husstandar klarer å redusere utsleppa.