Noreg med ny rekord i våpeneksport: – Vi tener på at verda rustar opp

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2017 brukte verda nesten 14.000 milliardar kroner på militært forbruk, det høgste talet sidan den kalde krigen.

Samstundes viser tal frå SSB at våpeneksporten frå Noreg auka med 1,5 milliardar norske kroner på berre eitt år, frå 2016 til 2017.

Tuva Krogh Widskjold er leiar i Changemaker. Foto: Changemaker

– Vi tener på at verda rustar opp. Det er skummelt at Noreg tener meir og meir pengar på militært materiell, seier Tuva Widskjold, leiar i Changemaker.

Ho meiner at Noreg må slutte å selje krigsmateriell til land som er involverte i krig.

– Eg synest det er veldig trist at vi vel å bruke ressursane i verda på militært utstyr istadenfor det alle desse pengane kunne gått til, seier Widskjold.

Våpenutstyr for over ein milliard norske kroner til Oman

I 2017 eksporterte Noreg våpen for 3,4 milliardar kroner, nær 1,5 milliardar kroner meir enn året før. (SSB) Tala gjeld militære våpen med unntak av krigsfartøy og kampfly. Av dette vart våpen for 1,7 milliardar seld til land i NATO. Dei resterande 1,6 milliardane var inntening frå land utanfor NATO.

Beløpet på salsinntekter frå land utanfor NATO er over tre gonger så høgt som i 2016, og skyldast i hovudsak ei auke i eksport innan gruppa «våpen og våpendelar» på over ein milliard norske kroner til Oman.

– Vi meiner at Stortinget må stanse eksport av krigsmateriell til autoritære regime og land i krig. Stortinget har moglegheit til å velje kva Noreg skal tene pengar på, seier Widskjold.

– Paradoks å selje krigsmateriell til land som bombar skolar

I regjeringa sine retningslinjer for eksport av forsvarsmateriell står det at «hovudsynspunktet bør vere at Noreg ikkje vil tillate sal av våpen og ammunisjon til område kor det er krig eller krig truar». Widskjold meiner det er eit paradoks at regjeringa er opptekne av skole og utdanning på den eine sida, og samtidig tener pengar på å selje krigsmateriell til land som bombar skolar.

– Saudi-Arabia og Dei foreinte arabiske emirata leiar koalisjonen som bombar i Jemen. Sjølv om Noreg har stansa salet av ammunisjon og våpen til desse landa, kan dei framleis kjøpe anna krigsmateriell frå Noreg.

Saudi-Arabia brukte i 2017 550 milliardar kroner på militær opprusting, både grunna at dei er involverte i borgarkrigen i Jemen, og at dei har eit spent forhold til Iran.

Må velje kva slags arbeidsplassar vi vil skape

Ho meiner òg at det er ei feilvurdering at statseigde Kongsberggruppen i mars gjorde ei avtale med Qatar der dei skal levere kommunikasjons- og styringssystem for forsvaret deira.

– Økonomisk er det snakk om ei potensiell inntening på over 15 milliardar, og som vil skape arbeidsplassar i Noreg. Men avtalen er basert på at vi sel krigsmateriell til eit av verdas autoritære regime.

Widskjold minner om at det er dei folkevalde som bidreg til å setje retningslinjene for norsk eksport, og at alt som skal eksporterast må få godkjenning frå utanriksdepartementet.

– Kvart år så blir norsk eksportkontroll regulert på Stortinget. Kvart år har dei moglegheit til å seie at dei ikkje vel å støtte autoritære regime. Så ser vi at kvart år vel dei å selje meir og meir. Eitt av argumenta er at det skapar arbeidsplassar. Da må vi som land velje kva for arbeidsplassar vi ønsker å skape, seier Tuva Widskjold.