«Julemagi blir ikkje målt i gåver og glitter, men i hygge og nærvær»
Kanskje vi i år kan strekkje oss litt lenger for å sjå dei som ikkje ropar høgast, men som treng å bli sett, skriv Delia Marie Bakken Hansen i Innlandet Unge Venstre.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Mange forventar at jula skal vere lik for alle. For ja, jula er julefilmar, peparkaker, skumnissar og den beste tida på året for nokon. Men jula er òg den verste tida på året for andre. I ei undersøking frå UNICEF viser det seg at 1 av 7 nordmenn gruar seg til jul.
«Perfekt jul»
Jula er full av forventningar om korleis den perfekte julefeiringa «skal» vere. Mange kjenner på presset om å ha den perfekte jula, men kor realistisk er det?
I ei dyrtid som vi er i no, er det mange som gruar seg til alle dei ekstra kostnadane som jula fører med seg. Jula er òg det vi kallar bornas høgtid, og i 2022 levde over 100 000 born under det vi kallar fattigdomsgrensa. For desse borna er jula kanskje ikkje den gleda ho er for andre born.
Jula er òg ei tid der sorga over dei som ikkje er med oss lenger blir tydelegare. Ein tom stol rundt bordet på julaftan er ikkje lett, og noko ein kan grue seg til. For dei som nyleg har mista nokon, kan den første jula vere særleg vanskeleg.
Jul for andre
Eg ønskjer òg å rette ein stor takk til dei som ofrar si eiga julefeiring for fellesskapen. Mens dei aller fleste nordmenn ser på Tre nøtter til Askepott, et julemiddag og opnar gåver, er det om lag 170 000 menneske som dreg på jobb for å sørgje for at vi alle kan ha ei trygg og fredeleg julefeiring.
Jula er ikkje berre ein fest, for nokon er jula ei vanskeleg tid. Kanskje vi i år kan strekkje oss litt lenger for å sjå dei som ikkje ropar høgast, men som treng å bli sett.
Hugs: Julemagi blir ikkje målt i gåver og glitter, men i hygge og nærvær. <3