Slett ikkje magisk


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Traileren til Hogwarts Mystery er lovande. Sjølv ein 31 år gammal Harry Potter-fan, som aldri spelar mobilspel, lét seg freiste.

Dei første erfaringane er heller ikkje så verst. Å få bygge seg sjølv som ung trollkarstudent, og så sende den digitale kopien av garde til Olivander for å handle sin første tryllestav, det er underleg tilfredsstillande.

Portkey Games er ein nyetablert spelutgjevar under Warner Bros., og planen er å lage ei rekke spel basert på Harry Potter-universet. Om resten av spela blir som det første, er det ingen grunn til å forvente «to feel like actual, proper wizards.»

Kastar vekk sjansen

Her finst potensial. Den underliggande forteljinga er spennande nok, sjølv om ho minnar mykje om det vi allereie har vore gjennom i både bok- og filmform. Jakta på eit mystisk rom på Galtvort er i gang.

Hadde spelet late oss utforske denne historia, kunne dei komme unna med mykje. Mangel på ekte valfridom i historiebaserte spel er ein velkjend kritikk, men det er ikkje så farleg om historia som blir fortalt er god, og om ho blir fortalt medrivande.

I Portkey Games sin variant av Galtvort, blir den vesle spenninga dei til tider klarer å skape øydelagd av repetitive oppgåver, venting, og kontinuerlege brot på den fjerde veggen. Plutseleg blir du var at den ekte lommeboka di på magisk vis blir tømd for pengar.

Trykk utan mål og meining

Dei aller fleste oppgåvene går ut på å trykke på knappar. Dei er merkte med ord som les, snakk med ein venn, overhøyr, følg med og liknande. Skal du gjennom ein skuletime, må du klikke på mange av desse knappane for å bestå. For å klikke, må du ha energi, og denne går du fort tom for.

Som mange mobilspel brukar Hogwarts Mystery mikrobetaling. Spelet er gratis å spele om du har tolmod, men skal du sleppe at ein skuletime tar ein heil dag, ja, då må du betale.

Mekanikken er repetitiv og kjedeleg. Det blir ikkje betre av at animasjonane og scenene er dei samme om og om igjen. Trykkemekanismen er openbart ikkje der for å vere engasjerande. Til slutt blir ein villeg til å gjere ganske mykje for å komme seg raskare til det spelet eigentleg handlar om. Og ja, eg har betalt nokre tiarar for å sjå om det var verdt det.

Slett ikkje verdt det

At J. K. Rowling kan akseptere at universet hennar blir mishandla på denne måten, det fattar eg berre ikkje. Eg har forsøkt å google meg fram til ein kommentar frå henne, utan hell. På Twitter har eg også utfordra den til vanleg twitre-trengde forfattaren, utan svar.

Jau, merkevara har vore tynt lenge, men her hadde dei sjansen til å halde liv i magien. Kanskje kunne dette ha vore ein ny generasjon sin inngang til universet, slik Henrikke Madeleine Furu har ønskt seg i eit lesarinnlegg her på Framtida.no. Ho lurer på om barndommen hennar hadde vore litt annleis om ho hadde fått vakse opp saman med Harry, Hermine og Ronny. Det veit eg at den hadde.

Kanskje er dette for store forventningar til eit mobilspel? Nei, det bør det ikkje vere. Andre enn meg er kanskje etter kvart blitt vande med denne typen pengetiggarspel, der spenninga og spelegleda berre kan løysast ut med å registrere far sitt bankkort, men ein gong kunne handhaldne dingsar romme store og spennande verder.

Eg takkar for at eg var ti år i 1997.