Framtida
Publisert
Oppdatert 09.02.2022 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Harry Potter – kven er det?

Joda, harry potter har eg laga i kunst og handverkstimane på skulen, men det er ikkje den typen harry potter eg skal snakke om no. For kva er det eigentleg eg trur går føre seg i Harry Potter? Trass i at eg aldri har sett filmane eller lese bøkene er eg ganske sikker på at Harry Potter lever eit liv som trollmann og ikkje frilans keramikar.

Det har seg gjerne slik at samtalar om Harry Potter nærmast er uunngåelege. Ein må gjerne svare på om ein trur ein passar best inn i husa «Griffing», «Håsblås», «Ravnklo» eller «Smygard» før ein får rokke å spurte vekk frå samtalen og ut døra i ein rasande fart for å kome seg vekk i tide. Eg visste det ikkje da, men eg hadde for siste gong i mitt liv sagt at eg aldri har sett eller lese Harry Potter.

«Eg veit jo kva den handlar om da», sa eg. «Harry Potter handlar om ein gut som finn ut at han er ein trollmann også berre følger ein med på han resten av filmane. Det er vel den korte versjonen da.» Det var ikkje godt nok.

Harry Potter, Ronny og Hermine i den første filmen. Opphavsrett: Warner Bros.

20 timar med film

Seinare i samtalen klarte eg til og med å seie at eg skulle få sett filmane. Eg har regna meg fram til at det tar 19 timar og 36 minuttar å sjå alle filmane. Eg bruker nærmare 20 timar av livet mitt på å sjå desse filmane. Det er kanskje verdt det med tanke på at Harry Potter er ein av dei mest populære seriane som nokon gong har blitt laga, samstundes som at eg får høve til å unngå alle framtidige utsegner som «Kva? Kvifor har du ikkje sett Harry Potter?». Foreløpig er det det sistnemnte som veier tyngst.

Ein kjenner kanskje personen som tilsynelatande aldri går utan det raude og gule griffing-skjerfet sitt eller den vennegjengen som stadig diskuterer om «krøllhornede snørkjuker» frå Harry Potter verkeleg eksisterer i Harry Potter-universet eller om dei berre er ei myte. Sjølv om Harry Potter-serien er enormt populær, er det likevel ikkje alle som har blitt hekta på serien.

Eg var 1 år da den første filmen, «Harry Potter og de vises stein», blei gjeve ut.

Eg var 1 år da den første filmen, «Harry Potter og de vises stein», blei gjeve ut. Naturlegvis såg eg han ikkje den gongen, men no, mange år seinare innser eg at det kanskje er på tide. Dette er for den delen av gompe-folket, som meg sjølv, som først nyleg har sett filmane, anten fordi ein var for ung eller for gamal eller som av ein eller annan grunn først no har oppdaga det magiske Harry Potter-universet mange år etter venner og kjende. De er ikkje aleine. Om du er ein av dei som allereie har ein fot inne i universet har du kanskje lyst til å rope ut at bøkene er mykje betre enn filmane og at eg går glipp av noko, men eg starta altså på ein film-maraton. Eg tok omsider Galtvort-ekspressen inn i Harry Potter-universet.

Hatar Harry Potter

Sa eg at eg tok Galtvort-ekspressen inn i Harry Potter-universet? Eg meiner sjølvsagt at eg omsider hoppa ned i kaninhòlet. Nei vent, det er Alice i eventyrland. Over fjella? Under trappane? Eg har høyrt noko om trappar.

Ikkje overraskande inneheld filmen folk med spisse hattar. Ein får sjå Harry Potter som baby og blir kjend med familien hans. Onkel Wiktor Dumling hatar Harry Potter. Han hatar det enda meir når Harry får brev, og han prøver å øydelegge breva med eld. Onkel Wiktor elskar derimot søndagar fordi det ikkje kjem noko post på søndagar. Post-uglene som leverer breva til Harry ser ikkje ut til å vere medlem av noko fagforeining sidan dei må jobbe på søndagar.

Vi får sjå verda gjennom Harrys auge. Han har ikkje fått kjærleik eller omsorg frå familien sin som barn. Ein kan forstå at han er litt vill og eventyrlysten. Om ein ser filmen som barn er eg sikker på at ein ville elska å vere i trøbbel saman med han. Ein lærar om Galtvort og trollmannssamfunnet samstundes som Harry. Når ein ser filmen og er litt eldre får ein verkeleg sympati for lærarane hans og absolutt alle andre ansvarlege vaksenpersonar Harry omgåast med.

Ein kan ikkje klandre Harry for at han er litt vill. Han har hatt mykje motgang i livet og dei han har stolt på har vist seg å ikkje vere så ærlege som dei har gitt seg ut for å vere. Harry blir eldre i takt med at serien går framover og ein følger hans veg mot å bli ein ung mann. Ein får eit innblikk i kor mykje han er villig til å ofre for dei han er glad i. Han er ikkje berre guten som overlevde, han er guten som vann våre hjarte.

Emma Watson i rolla som skuleflinke Hermine i «Harry Potter og dødstalismanene». Copyright: SF Norge AS

«Eg er berre Harry. Berre Harry»

Ein scene eg verkeleg liker er når Harry sit på toget på veg mot Galtvort og møter det som skal bli sin beste venn, Ronny, for første gong og skal introdusere seg. «Ein trollmann? Eg er berre Harry. Berre Harry», seier han. Har han i det heile tatt sett filmen, eller? Fekk de med dykk det? No har plutseleg eg blitt den personen som nett sa «har du ikkje sett filmen, eller?». For ei utvikling.

Eg skulle ønskje eg såg desse filmane da eg var litt yngre, og at eg var gamal nok til å vere Harry Potter-fan da det verkeleg var populært.

Eg skulle ønskje eg såg desse filmane da eg var litt yngre, og at eg var gamal nok til å vere Harry Potter-fan da det verkeleg var populært. Eg lurer på om barndommen min hadde vore litt annleis om eg fekk vokse opp side om side med Harry, Hermine og Ronny. Eg har sett bilda av glade barn i kostymar på boksignering og filmpremierer og tenkt at det kunne vore meg. Eg kan berre tenkje meg kor frustrerande det må ha vore å vente lenge mellom bøkene og filmane kom ut. Eg er heldig sånn sett.

Frå filmen «Harry Potter og Dødstalismanene del 1». Foto: Filmweb

Alltid der for vennene sine

Harry er kanskje hovudpersonen, men karakteren Hermine er ei smart og sterk jente eg verkeleg kunne ønskje eg hadde hatt som forbilde da eg vaks opp. Ho er alltid der for vennene sine og løyser sjølv dei vanskelegaste problem ho og vennene hennar står ovanfor. Utan henne hadde Harry kanskje ikkje klart seg gjennom alle utfordringane på Galtvort. Når problem dukkar opp bør ein finne sin indre Hermine.

Når problem dukkar opp bør ein finne sin indre Hermine.

Frå Harry Potter and the Deathly Hallows: Part 2. FOTO: Filmweb

Plutseleg legg eg merke til referansar over alt og til forandring forstår eg dei faktisk. Eg treng ikkje lenger å lure på kva ein «gullsnopp» er. Eg har lært mykje av å sjå Harry Potter-serien. Eg har kanskje lagt merke til ting og satt pris på ting eg ikkje hadde gjort i like stor grad om eg var litt yngre. Eit døme på det er at dei i filmen kallar eksamen for «heksamen». Eg er heilt einig med dei, i blant tenkjer eg òg at det er eit svært dekkande ord.

Eg er glad eg såg Harry Potter no. Eg er litt sur for at ikkje eg har moglegheita til å handle skulesaker på «Diagonalallmenningen» for å så løpe gjennom ein vegg og ta toget til ein magisk trollmannsskule, men livet er urettferdig, folkens. Trollmannssamfunnet har mykje å by på. Det ser veldig praktisk ut med ein flygande bil, men kan du tenkje deg å stadig få snakkande telegram frå mora di? Akkurat det trur eg eg står over.

LES OGSÅ: Slik gjekk det då ein robot skulle skrive neste bok om Harry Potter

Visste du? Å lesa Harry Potter gjer deg meir tolerant mot minoritetar, ifølgje forsking. Foto: Filmweb/Warner Bros.

Transportert inn ei ei anna verd

Å sjå Harry Potter har vore som å bli transportert inn i ei anna verd. Det er ei verd der alt er mogleg, magi eksisterer og éin person kan endre alt. Stresset og maset frå vår eiga verd viskast ut saman med alt av bekymringar. Ein blir så godt som trollbunde av serien.

At eg først såg Harry Potter årevis etter at bøkene og filmane blei laga betyr òg at eg er gamal nok til å ikkje ønskje at eg var Harry Potter. Han er ein trollmann, men han har òg masse press på seg når han må redde verda på eigenhand. Dei andre på skulen ertar han, foreldra hans lever ikkje lenger, tanta og onkelen hans hatar han. Sjølv om eg gjerne ville hatt moglegheita til å vere ein trollmann og skape orden i verda synest eg i grunn det òg er heilt greitt at det einaste eg treng å få orden på i dag er ein haug med skittentøy og oppvask.

Les siste Harry Potter-nytt her!

QUIZ: Harry Potter for ekspertar