Fiksjon kan lære oss fakta om den verkelege verda

Mai Lene Fløysvik Hæåk
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget var først publisert på verdidebatt.no.

Måndag 26. juni var det 20 år sidan bokserien om Harry Potter vart introdusert for oss. Det betyr tjue år sidan me vart introdusert for trollmannsskulen Galtvort, Voldemort, Albus Humlesnurr, Den forbudte skogen og halvjøtulen Gygrid.

Mai Lene Fløysvik Hæåk (20) studerer statsvitskap ved Universitetet i Oslo og er aktiv i KrFU. Foto: Privat

Å bli tatt med inn i verda til Harry Potter var magisk. Eg naut det i fulle drag, og det opplevingane eg fekk då eg høyrte og las den serien trur eg aldri eg har fått av nokon annan serie etterpå. Ikkje minst er det noko fantastisk over det å kjenne at eg endå ikkje er ferdig med serien. Eg blir aldri ferdig med å le av humoren, sitere karakterane og reflektere over verdiane som kjem fram.

Det kan gå bra til slutt

«In a risky world, where terror attacks, accidents and human error dominate the news, story can be both fun escapism and an encounter with truth. That truth can renew commitment to serve others, to stand for justice and the oppressed and to believe that in the end the last line will be ‘All was well’.» Dette skreiv professor i teologi, David Wilkinson, på måndag då det var tjue år sidan første Harry Potter-bok vart gitt ut. Slike sitat er med å underbygge at Harry Potter ikkje berre er underhaldning. Det er ei drivkraft og ein bodskap i historia som gjer det til langt meir enn berre tidsfordriv.

I ei tid då «alternative fakta» og falske nyheiter er eit problem burde ein kanskje ikkje hylle oppdikta forteljingar som Harry Potter. Det er viktigare enn nokon gong å skilje mellom fakta og fiksjon. Min påstand er likevel at fiksjon kan lære oss fakta om røynda. Det er ingen som er i tvil om Harry Potter er oppdikta eller ikkje. Nokre skulle kanskje ønske at dei hadde fått brevet frå Galtvort då dei var elleve år, men det er noko anna.

Poenget er at trass i at det meste som skjer i Harry Potter er totalt urealistisk, formidlar serien verdiar som er viktige å ha med seg i den røynda me lever i. Som David Wilkinson skriv kan slike verdiar gi engasjement for å tene andre, kjempe for rettferd for dei undertrykte og tru på at det kan gå bra til slutt.

Jonas og Sirus

Populariteten til Harry Potter gir meg tru på menneska. Det gir meg tru på at tilsynelatande vanlege personar kan vise seg å vere store heltar. Litt av den same trua har eg òg kjent på medan eg sat og såg på SKAM. Sjølv om det er store ulikskaper mellom ein britisk bokserie om ein trollmann og ein norsk TV-serie om vidaregåande-elevar, er begge historiene gode ramer for å formidle viktige verdiar.

Orda Jonas les opp i slutten av siste episode av SKAM, er ikkje berre ei formidling av verdiane i den TV-serien. Det kunne likså godt vore ei formidling av verdiane i Harry Potter: «For selv om det noen ganger kan føles sånn, står ingen mennesker alene. Hver og en av oss er en viktig del av det store kaoset, og det du gjør i dag har en effekt i morgen. (…) Effekten av handlingene dine er der alltid et sted i kaoset. (…) Frykt sprer seg, men det gjør heldigivs kjærlighet også.»

Sist, men ikkje minst, gir Harry Potter ein viktig bodskap om at menneske er feilbarlege. Å vere «the chosen one» gir ikkje nødvendigvis ein garanti for at ein handlar moralsk riktig eller har livet på stell. Slik er det òg i den verkelege verda: Me er feilbarlege, og sjølv store personar kan gjere store feil. Då er det viktig å hugse orda til Harry Potters gudfar, Sirus Svaart: «We’ve all got both light and dark inside us. What matters is the part we choose to act on. That’s who we really are.»

Er du Harry Potter-ekspert? Test kunnskapane dine i denne quizen!