14-åring brukte 89.000 kroner på nettspel – faren må punge ut

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Faren hadde lasta ned «Clash of Clans» på iPaden til sonen og oppretta ein Apple-id til sonen knytt til kredittkortet sitt.

I perioden 26. juni til 24. juli i fjor trekte 14-åringen på kredittkortet til far og brukte til saman 89.000 kroner på å kjøpe spelpoeng i «Clash of Clans», skriv Dagens Næringsliv. 16.899 kroner av denne summen er allereie betalt tilbake til korthaldaren frå Apple.

Mannen klaga saka inn til Finansklagenemnda, men fekk ikkje medhald. Han nekta for å ha gitt sonen fullmakt eller løyve til å gjennomføre kjøpa.

Visste ikkje omfanget av å legge inn kortopplysningane

– Korthaldar erkjenner at det var uforsiktig av han å legge inn kortopplysningane knytt til kortet, men han var ukjent med at det kunne få eit slikt omfang, skreiv mannen i sin klage.

Finansklagenemnda vektlegg i si avgjerd at mannen har brote kortvilkåra ved å la andre disponere sitt kredittkort.

– Slik nemnda ser det, har korthaldaren forsettleg brote desse vilkåra ved å legge kortopplysningane inn i Apple-id-en til sonen slik at betalingar kunne utførast av sonen, heiter det i avgjerda.

Les også: Slik kan du verna barn mot overgrep på nett