Knut var pollenflyktning i 12 år

Thea Svendsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pollenallergi kan vera brutalt. Om ein er allergisk, er våren alt anna enn ei lysning i vintertunellen. Vi har snakka med ein som veit akkurat kva det vil seie å leve med sterk pollenallergi. Han har måtte flykte for å unngå den verste pollensesongen.

Då Knut var 7 år gamal blei han diagnostisert med pollenallergi. No er han 70 år, så han veit kva han snakkar om.

I samarbeid med jobben fekk han ordna ein avtale som blei løysinga for han. Den gjekk ut på at han hadde fast jobb i Oslo om hausten og vinteren. Kvar vår og sommar jobba han i staden frå Finnmark, der ein er mindre utsett for pollen.

No er Knut pensjonert frå jobben som tingrettsdommar.

Kan vere eit alternativ for andre òg

Han fortel at dette var ei ordning som gjorde det å leve med pollenallergi mykje enklare.

– Ei slik ordning burde vere lettare å få på plass for alle som er veldig plaga av pollenallergi, og som ønsker eit alternativ til å vere sjukemeldt. I staden for at folk skal måtte gå heime store delar av året og ikkje fungere, hadde det vore ei grei løysing for mange om dei kunne flytta midlertidig til ein stad med mindre pollen når den står på som verst der dei bur til vanleg.

– For statlege og kommunale arbeidsgivarar er det enklare å få til, men det burde vore mogleg for til dømes kjeder og andre selskap å innføre ei slik ordning.

Knut si ordninga varte frå 2005 til 2017, og han seier dette var ei kjempebra ordning, både i forhold til jobb og korps. Det var slik han enda opp med å spele i Vardø Bymusikk.

Pollenallergi og blåseinstrument, ein god kombo?

Knut er saksofonist og har spelt i korps sidan han var barn. Vidare spelte han mest i storband. Dei opptrer ikkje så mykje utandørs som andre orkester. Dette vart ikkje lenger eit problem då han flytta til Vardø.

Vardø Bymusikk, Knut Petterson i midten. Foto: Privat

Bortsett frå at det er frykteleg moro å spele i korps, har det også hatt helsebringande gevinstar, meiner han.

– Å ha spelt blåseinstrument såpass lenge har gitt meg betre lungekapasitet. Og når astmaen kom, var god lungekapasitet eit veldig godt grunnlag å ha.

Det reknast at nesten halvparten av dei med pollenallergi har, eller kjem til å utvikle, astma også. Dei to tilstandane bør derfor, ifølge NAAF, sjåast i samanheng med kvarandre.

Betre karakterar med eksamen om hausten

For å bli tingrettsdommar må ein gjennom omfattande studiar, og det var ikkje alltid like lett. Eksamen er jo som pollen, ein vår-ting. Eksamen og pollenallergi er ein frykteleg dårleg kombinasjon.

Han seier at han hadde veldig dårlege karakterar då han gjekk på gymnaset (vidaregåande). Studiekompetansen fekk han med eit nødskrik. Dette førte til dårleg sjølvbilete, men det viste seg at det skulle han ikkje ha. Då han kom på universitet, snudde det.

Karakterane gjekk opp, og fleire enn han sjølv vart overraska. Det viste seg at den store forskjellen var at eg kunne velje å ta eksamen på hausten. Då er det ikkje er pollen.

Dagens ordning med forlenga tid på eksamen har han ikkje noko tru på.

– Det nyttar ikkje med meir tid på eksamen når ein er sliten, ein presterer ikkje betre av den grunn, seier han.

Medisinar meir til bry enn til nytte

Medisinane ein får for pollenallergi, til dømes antihistaminar, kan ha mange ulemper i form av biverknader. Biverknadane ein kan oppleve kan vere slappheit, dårleg konsentrasjon, humørsvingingar og dårleg nattesøvn. Ingenting av dette er særleg gunstig verken i ein eksamensperiode eller i det daglege livet.

Medisinar har ofte ei eller anna form for effekt på godt og vondt, men for Knut var det ikkje mykje hjelp å få på den fronten. Til og med vaksine fungerte ikkje, men den hadde heller ikkje biverknadar som mykje av dei andre gav.

– Før eg slutta på medisinane var eg skjør. Eg kunne bli veldig sint i eine augeblikket og begynne å grine i det neste, noko som gjekk utover både jobb og familie. Det var først då eg hadde slutta med dei at eg skjønte at skjørheita faktisk var biverknader av medisinane.

Betre utan medisinar

Det er tre år sidan han slutta med medisinar i samråd med legen sin, og han seier sjølv at det var det luraste han hadde gjort. Alt av biverknadar, temperament og skjørheit forsvann, og dei hadde ingen effekt uansett.

No har han starta med fotsoneterapi og øyreakupunktur, men han veit ikkje om det kjem til å hjelpe. Han har høyrt frå andre at det har hatt effekt, så når medisin er meir til bry enn til hjelp, meiner han at han ikkje har noko å tape på å prøve andre hjelpemiddel.

Elles gler Knut seg til det blir fint vêr igjen, når det begynner å regne.