Ein million nordmenn er råka av pollentrollet

Thea Svendsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein av fem har pollenallergi - det påverkar heile samfunnet

Har du ikkje pollenallergi er du heldig, men det treng ikkje bety at du ikkje blir påverka!

Korleis då?

Jau, ifølge NAAF (Norges Astma- og Allergiforbund) har om lag ein million nordmenn pollenallergi, altså rundt ein femtedel av Noregs befolkning er plaga av pollentrollet! Det betyr at i løpet av dagen må du mest sannsynleg forholde deg til ei allergiplaga sjel som ikkje greier å fungere optimalt i kvardagen.

Kroppen trur pollen er farleg

Pollenallergi gjer at immunforsvaret trur at heilt ufarlege partiklar frå lauvtre er farlege. Dette fører til at immunforsvaret fyrer seg opp og gir den stakkars allergikaren fæle forkjølelsessymptom.

Vanlegvis medfører dette rennande auge som klør og hovnar opp og kanskje svi. Nasen blir tett og renn, ein klør og ein nys. Dessa symptoma gjer tinga berre verre. Er ein tett i nasen må ein puste med munnen, då blir ikkje lufta filtrert like godt som i nasen. Då får ein blant anna fleire pollenpartiklar inn i systemet. Dette gjer jo berre vondt verre.

Pollensesongen er spådd å bli om lag ein månad kortare i år, melder pollenforskar Hallvard Ramfjord til NRK. Men pollensesongen blir veldig intens. Dette er hovudsakleg grunna den kalde vinteren vi har hatt og eit høgtrykk som kjem inn over landet no. Det er or, hassel, selje, pil og vier som står for den intense perioden, mens bjørk og graspollenspreiing kjem i vanleg periode.

Bilete: Norges Astma- og allergiforbund

Der er opptil fleire ting allergikarane kan gjere for å førebygge og dempe symptoma. Det finst vaksine og tablettar, men NAAF anbefaler også å vaske hender og ansikt når ein har vore ute, samt å skifte putetrekk og skylje håret før ein legg seg.

Der er fleire ting ein kan gjere om ein har pollenallergi, dei finn du på NAAF sine nettsider.

Ta vare på allergikaren i livet ditt

Mange av oss har vener med pollenallergi, og det er vondt å sjå på at dei slit. Så kva kan du gjere, som ein god allergikar-ven?

Til dømes så kan du prøve å ikkje dra med deg for mykje pollen innandørs når du veit at vedkommande skal komme over. Ikkje luft enormt rett før dei kjem. Prøv og å unngå å pynte inne med planter og blomar som veks ute og kan ha pollen på seg.

Om du må dekorere inne med noko du har plukka ute, kan du bruke til dømes rogn, lønn og duftfrie roser. Ha likevel i bakhovudet at alt som veks ute kan ha fått pollen på seg på ein eller anna måte.

Det er viktig å halde seg hydrert, så server gjerne noko å drikke til allergikaren på besøk, men ver varsam med alkohol, det kan nemleg gjere allergisymptoma verre. Dette veit dei nok mykje om frå før, men det skadar ikkje at du er klar over det du òg.

Les meir om det her: Folk veit ikkje at alkohol kan forverre allergi

Det viktigaste er å vise omsorg

Å gå gjennom våren med pollenallergi er ikkje berre fysisk slitsamt, men òg psykisk. At ein blir psykisk tappa, ikkje nødvendigvis deprimert, men psykisk tappa fordi ein er fysisk sliten i lengre periodar.

Det kan ha samanheng med at kroppen er sliten, men det kan òg vere biverknader av medisinane.

Då er det viktig at dei rundt viser omsyn og omsorg. Vis forståing for at ting er tungt for venen din og at dei har restriksjonar for kva dei kan eksponere seg for om våren.

Pollenallergi og astma går hand i hand

Ifølge NAAF har om lag 80 prosent av dei med astma også pollenallergi. Pollenallergisymptom kan utløyse og forverre astma. Pollenallergi er hovudsakleg ei vår-greie men det er ikkje astma.

Derfor er det viktig å behandle allergien så ein ikkje blir meir plaga av astma meir nødvendig resten av året.

Andre ting enn pollen som kan forverre allergien ifølge NAAF er tobakksrøyk, eksos, støv, parfyme og andre sterke dufter, vind, temperaturvekslingar, infeksjonar, emosjonelle og hormonelle faktorar.

Greitt å vere klar over

Det kan vere eit familiemedlem, ein elev eller medelev, ein arbeidskollega eller arbeidsgivar. Det kan vere ekspeditøren i kassa eller kongen. På eit eller anna tidspunkt treff du på nokon som slit med pollentrollet, og då er det greitt å vere godt førebudd.

Ha medkjensle, det kan ikkje ver kjekt å gå rundt heile våren og kjenne det som ein nettopp har sett Titanic ti gonger.