Møt veggen som følger med på alt du gjer
Gjer veggane nok for deg? Slik spør forskarane bak smartveggen Wall++. Veggen fungerer som ein berøringsskjerm, men kan også oppfatte bevegelsar og registrere bruk av elektroniske dingsar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Med litt nikkelhaldig måling og litt elektronikk kan du lage ei usynleg antenne som gjer veggen din smart.
Ifølge forskarar ved Carnegie Mellon University og Disney Research kan veggen fungere som berøringsskjerm, og til dømes la deg slå av og på lyset. Han kan også lese rørsler, ein funksjon som kan nyttast til mellom anna TV-spel. Fordi veggen kan overvake aktiviteten i rommet, kan den også hjelpe til med å løyse ulike oppgåver.
- LES OGSÅ: Du blir meir overvaka enn du trur
Gjer veggen til assistent
Forskarane føreslår at veggen kan justere lyset når du skrur på fjernsynet, eller gje beskjed når det skjer noko i eit anna rom. Til dømes at vaskemaskina er ferdig eller at ein vasskokar skur seg av.
I Science trur dei slike veggar ikkje berre kan vere auge, men også øyre. Med ei kopling til ein personleg assistent som til døme Alexa eller Siri. Vitskapsmagasinet ser føre seg at veggane kan spionere på barn som har snike seg ut av rommet for å spele spel eller sjå på TV.
– Veggar er som regel dei største flatene i eit rom, men vi brukar dei ikkje til særleg anna enn å dele opp rom og kanskje til å henge nokre bilde eller hyller, serier Chris Harrison til Carnegie Mellom University sin eigen nettstad.
– Etter kvart som tinga sitt internett og allstadværande datahandsaming blir til verkelegheit, er det freistande å tru at veggar kan bli aktive delar av liva våre og i arbeidsmiljøa, seier Harrison.
Sjå korleis: