No stig renta hos Lånekassen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den flytande renta vil då vera på 2,159 prosent, opplyser Lånekassen i ei pressemelding.

Fastrentene blir høgare enn den flytande renta frå 1. mai. Renta blir 2,315 prosent for tre års bindingstid, 2,677 prosent for fem år og 3,144 prosent for ti år.

Samanlikna med nivået i dag stig alle dei tre fastrentesatsane på studielånet med mellom 0,16 og 0,24 prosentpoeng. Femårsrenta stig mest, frå 2,433 prosent til 2,677 prosent.

– Det siste året har fastrentene vore veldig stabile og låge. No er det første gongen på over eit år at det er ei større renteendring, seier seniorrådgjevar Magnus Andersen i Lånekassen.

Kundar som ønskjer å binda renta frå 1. mai, kan gjera det i perioden 10. til 17. april. Alle som skal søkja om fastrente, gjer det på heimesidene til Lånekassen.

I alt 615.300 av tilbakebetalarane til Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, mens 57.200 har fast rente.