Ungdommen aksjonerte mot oljekonferanse

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Troms- og Finnmark Natur og Ungdom aksjonerte under Barentshavkonferansen som blir arrangert på Arktisk kultursenter i Hammerfest 23.-25. april. Konferansen er ein møteplass for beslutningstakarar innan industri og myndigheiter, med mål om å bidra til størst mogleg aktivitet på norsk sokkel.

Meiner dei bør satse på fornybar næring

Eit tjuetals demonstrantar frå Natur og Ungdom var samla for å dele si misnøye med den norske olje- og gassnæringa.

– Oljetoppane i Noreg trur at framtida for Nord-Noreg ligg i miljøskadeleg olje og gass. Eg skulle ønska at Terje Søviknes og gjengen var meir opptatte av å skape fornybare arbeidsplassar i Nord-Noreg, i staden for å forureine kloden med ein døyande industri, seier Anja Risten Eira frå Finnmark Natur og Ungdom.

Demonstrantane i NU overrekte ministeren eit samandrag frå ein rapport som viser at norsk petroleumsverksemd bidreg til klimaendringar.

– Noreg er verdas 7. største eksportør av fossilt brensel, så det har ein klimaeffekt, seier Haldis Helle, nestleiar i Natur og Ungdom.

Global vare med stor etterspørsel

Terje Søviknes møter demonstrantane i Natur og Ungdom. Foto: NU

Olje- og energiminster Terje Søviknes er einig i at verksemda bidreg til CO2-utslepp. Han meiner likevel ein kan forsvare norsk produksjon.

– Det er klart vi har utslepp av CO2 knytta til fossile energikilde. Det er klart vi bidreg til klimagassutslepp med olje- og gassverksemd. Samtidig er det ei global vare med stor etterspørsel. Når oljen først skal produserast, så er det viktig at den blir produsert med lågast mogleg utslepp. Frå norsk sokkel er det 50% lågare CO2-utslepp samanlikna med snittet i resten av verda. Så da meiner eg det er betre at vi produserar her enn i resten av verda, seier Søviknes til framtida.no, og viser til statistikk frå norske myndigheiter.

Demonstrantane frå Natur og Ungdom meiner Noreg ikkje bør tildele nye løyve til leiting, og at dei heller bør satse på næring som fiske og fornybar energi. Søviknes meiner det ikkje er enten eller.

– Vi satsar tung på fornybar energi òg. Det er verdt å merke seg at det blir bygd ut meir fornybar energi i Noreg enn på 25 år. Vi satsar både på vind- og vannkraft, i tillegg til stor gass- og oljeutvinning. Det er ikkje enten eller, men både og, seier Søviknes.

Natur og Ungdom.

Natur og Ungdom meiner at å overhalde krava i Parisavtala om å begrense global
oppvarming til godt under 2 grader, blir stadig vanskelegare med aukande produksjon av fossile brensel.

– Verda har allereie funne langt meir fossile brensel enn vi nokon gong kan forbrenne. Da er det paradoksalt at verdas rikaste land skal fortsette å tene seg rike på å forureine jorda. Vi må finne nye løysingar, seier Haldis Helle, nestleiar i Natur og Ungdom.

Søviknes vil ikkje trappe ned på Noreg si petroleumsverksemd.

– Det ser eg ingen grunn til. Verda spør etter energi fordi vi blir fleire menneske. Og vi ønsker å løfte fleire ut av fattigdom og til høgare levestandard. Så lenge etterspørselen er der, så bør vi som olje- og gassnasjon bidra til å produsere denne vara.

Meiner at fiske og olje kan leve vidare side om side

Søviknes seier at olje- og gassverksemd bidreg til enorme inntekter til fellesskapet og mange arbeidsplassar. Per no er det ca 200.000 direkte eller indirekte sysselsette knytta opp mot olje- og gass.

– Heile grunnlaget for velferdssamfunnet som vi kjenner det i dag, er knytta til olje og gass-inntektene dei siste 50 åra. Det er vår desidert største og viktigaste næring, seier Søviknes.

Han meiner at fiske og oljenæring kan leve vidare side om side, også i Arktis.

– Vi har grundige prosessar på tildeling av konsesjonar og regulering av sjølve olje- og gass-verksemda. Så vi ivaretek miljøverdiar og biologisk mangfald. Det gjer vi sjølvsagt i Barentshavet, som på andre delar av norsk sokkel.

Han gir eit døme på at der biologisk mangfald og gyting er viktig, så tilpassar dei verksemda til avgrensing på borring i oljeførande lag i gytesesongar.

Det er ikkje Natur og Ungdom einige i.

– Vi meiner at i så sårbare område som Arktis må ein la olja ligge. Fordi klimaaspektet er veldig viktig. Artkis er eit veldig sårbart miljø. Eventuelt oljesøl vil ha enorme konsekvensar for økosystemet her nord, seier Helle i Natur og Ungdom.