Utsleppet frå norsk olje og gass kan vere ti prosent høgare enn rekna med

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Metan er ein kraftig drivhusgass. For kvar kilo metan i atmosfæren, er oppvarmingseffekten over 100 år den samme som for 25 kilo CO2. Det er derfor viktig å vite kvar han kjem frå.

– Det har vore ein stor debatt om kor mykje av metanutsleppet til atmosfæren som er menneskeskapt, og kor mykje som er naturleg, seier Stig B. Dalsøren. Han er hovudforfattar av ein artikkel som nyleg stod på trykk i fagtidsskriftet Nature Geoscience

Stig B. Dalsøren skreiv artikkelen om etan og propan som forskar ved CICERO. Han er no tilsett ved Havforskingsinstituttet.

Dalsøren forklarer at det er vanskeleg å vite kor mykje av metanen som er sleppt ut av menneskeleg aktivitet. Gassen kan leve i atmosfæren i tolv år og får tid til å blande seg godt. Det gjer det vanskeleg å skilje mellom kva utsleppskjelder og kva landområde gassen kjem frå.

Det er heller ikkje berre å gå ut å måle utslepp av metan. Utslepp frå hysdyrhald, avfall og risdyrking skuldast komplekse biokjemiske prosessar som er vanskelege å berekne. For olje, gass og kol, skjer utsleppa hovudsakleg på grunn av lekkasjar og fordamping ved utvinning og transport via røyrleidningar.

Andre gassar gir svar

Etan og propan har derimot kort levetid i atmosfæren. Etan kan sveve rundt i månader, medan propan berre overlever i veker. Det gjer det lettare å plassere dei geografisk.

Dalsøren og dei andre forskarane ville finne ut kor mykje av etanen og propanen i atmosfæren som skuldast menneskelege utslepp. For å få eit betre bilde av kor mykje som kjem frå naturen, testa dei først kor store utslepp som må til for å nå det målte nivået av etan og propan i førindustriell tid. Det sette rammer for fordelinga av gasskjelder no som menneskeleg aktivitet spelar ei større rolle.

Tidlegare har ein tatt utgangspunkt i tal for få land, og så rekna seg fram til utslepp frå andre land. Denne studien er den første som i staden brukar meir detaljerte datasett som også tar høgd for ulike samansettingar av hydrokarbon i dei ulike geografiske områda.

Lurer du på kva hydrokarbon er? Ta ein kik på denne:

Svaret dei kjem fram til er at at fossile utsleppsskjelder står for to gongar meir etan og tre gongar meir propan enn det FNs klimapanel brukar i rapportane sine.

Finst det etan og propan, finst det også metan

Propan og etan kan gjere skade på helse og avlingar, ved å til dømes danne ozongassar nær bakken, særleg i Asia. Men gassane er ganske ufarlege som klimagassar. Så kvifor handlar denne artikkelen om klimagassen metan?

– Der du har utslepp av etan og propan, finn vi ofte også metan. Ved å forstå etan og propan betre, kan vi indirekte forstå meir om den viktige klimagassen metan, seier Dalsøren og set over til kollega Dr. Lena Höglund-Isaksson ved Internasjonalt institutt for bruksretta systemanalyse (IIASA).

Lena Höglund-Isaksson ved Internasjonalt institutt for bruksretta systemanalyse (IIASA). Foto: IIASA

Ho har gjort utrekningar for etan-, propan-, og metanutslepp i samtlege oljeproduserande land. For Noreg viser tala at norsk oljeproduksjon truleg slepper ut minst dobbelt så mykje metan som rapportert.

– Lat meg forlare korleis eg kjem fram til det, skriv Höglund i ein epost med ei detaljert forklaring som blir oppsummert her:

Sjølv om oljeplattformene i Noreg er av dei beste i verda til å samle opp gass frå produksjonen (99 prosent), blir éin prosent brunnen ved fakling. Fakling slepper ikkje ut særlege mengder metangass, men av og til sloknar faklane. Ti prosent, eller seks plattformer, brukar ein uvanleg teknologi der ein risikerer at store mengder gass blir sendt ut i atmosfæren ubrunnen.

LES OGSÅ: Ny varmerekord i Arktis: – Det er berre heilt vilt!

Fakkelen sloknar

Desse seks plattformene må rapportere metanutslepp, og rapporterte i 2014 at 1500 tonn ikkje vart brunne. Dette vart ifølge Höglund rapportert som alt av metanutslepp frå ubrunnen fakkelgass.

Men det hender også at fakkelen sloknar ved dei andre plattformene. Her skal det målast kor mykje fakkelgass som blir sendt ut, men ikkje kor mykje metan, og ikkje kor mykje fakkelgass som blir lufta ut når fakkelen sloknar.

Ved å sjå på tal frå Canada, som har gjort nøgne målingar av tusenvis av boreriggar over lang tid, fann ein ut at om lag 70 prosent av gassen blir fakla medan resten blir lufta ut. Det er det same forholdet mellom fakling og utlufting ho har brukt i utrekningane for norske utslepp.

Konklusjonen blir ifølge Høglund styrkt av studiar av satelittbilde som måler faklane sin storleik og intensitet. Dei bereknar at Noreg faklar 300-350 millionar kubikkmeter per år, som er 70 prosent av det målte straumen av fakkelgass.

Les siste klimanytt frå Framtida.no her!

Dobbelt så mykje som rapportert

Med eit metaninnhald på 86 prosent, blir det 80.000 tonn metan per år på grunn av utlufting. Høglund reknar andre kjelder som små, til dømes lekkasje, og endar opp med 90.000 tonn metan årleg. Det er meir enn dobbelt så mykje som Noreg rapporterte til FN i 2010 (34.000 tonn).

Om vi tar dei ekstra 56.000 tonna metan og gangar med 25, ser vi at det ekstra utsleppet svarar til 1,4 millionar tonn CO2-ekvivalentar (omrekna til lik verdi). Det er eit tillegg på nesten ti prosent til dei 14,2 millionar tonna som vart rapportert.

På grunn av den store skilnaden etterlyser Høglund at norske styresmakter følger opp eigne råd om å måle metanutslepp frå ventilering når fakkelen sloknar.

– Svaret vi har komme fram til stemmer også godt overeins med det målte nivået av etan og propan i atmosfæren over Svalbard, men vi kan ikkje vere heilt sikre før i har direkte målingar frå norske riggar, seier ho.

Metan og klima

  • Metan er den mest vanlege klimagassen etter CO2.
  • Det er viktig å finne ut kvar gassen kjem frå, fordi han er ein mange gongar kraftigare klimagass enn CO2.
  • Her har vi gått ut frå at han er 25 gongar kraftigare enn CO2, same tal som er brukt av mellom andre SSB, men ny forsking tyder på at han kan vere heile 32 gongar kraftigare.
  • Metan kan lekke ut i atmosfæren frå både naturlege og menneskeskapte kjelder. Her kjem det fram at forskarane meiner at ein større del kjem frå menneskeleg olje- og gassverksemd.
  • I denne artikkelen konsentrerer vi oss om norske utslepp. Globalt vil skilnaden vere større, mellom anna fordi mange oljeproduserande land er mindre flinke til å samle opp gassar frå oljeproduksjonen.