FN: Langt unna å nå målet i Parisavtalen

Med dagens planar ligg verdas land an til å kutte ti prosent av utsleppa innan 2035, ifølgje FNs klimapanel. Det er langt frå målet, skal ein avgrense temperaturstiginga.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

I 2025 skal partane i Parisavtalen levere nye nasjonale klimamål for 2035, kjent som NDC-ar (Nationally Determined Contributions).

Innan 30. september hadde 64 av 195 land levert måla sine, syner ein ny rapport frå FN.

FNs klimasjef Simon Stiell seier at vi med desse klimaplanane, inkludert nokre tilleggsberekningar som fangar opp nye kunngjorde mål, vil kutte dei globale utsleppa med om lag ti prosent innan 2035.

Stiell understrekar at dette framleis er eit ufullstendig bilete av situasjonen.

Spire: – Ei skam

For å nå det mest ambisiøse målet i Parisavtalen om å avgrense den globale oppvarminga til 1,5 °C over førindustrielt nivå, har FNs klimapanel rekna at utsleppa må falle med 60 prosent innan 2035, frå 2019-nivå.

Spire-leiar Thea Birgitte Erfjord. Foto: Spire

– Dagens klimainnsats frå Noreg og andre rike land er ei skam. Vi styrer mot katastrofale klimaendringar, og det er no vi har ein sjanse til å gjere noko med det. No må landa som har skapt klimakrisa ta ansvar, seier Spire-leiar Thea Birgitte Erfjord i ei pressemelding om FNs nye rapport.

Stiells estimat om ti prosent kutt inkluderer USAs klimamål som blei levert inn før Donald Trump tok over som president. Trump har kunngjort at han vil trekke USA ut av Parisavtalen for andre gong.

EU og Kina har framleis ikkje levert klimaplanane sine, men dei har annonsert mål som FN har teke med i reknestykket. Kina har sagt at dei vil redusere utsleppa sine med 7–10 prosent innan 2035. EU har sagt at dei vil kutte utsleppa med mellom 66,3 prosent og 72,5 prosent innan 2035, samanlikna med 1990-nivå.

Må følge opp vedtak

– Det er eit stort gap mellom det som land har levert, og kven som har levert, og kor ein må vere for å vere i tråd med Parisavtalen, seier Erfjord i Spire til Framtida.no.

Ho er oppteken av at landa må følgje opp vedtaket frå COP28 om ei omstilling bort frå fossil energi.

– Det treng ein å sjå at det er forpliktingar til i NDC-ane.

Thea Birgitte Erfjord var tysdag med i ein panelsamtale om kva som må til for å nå måla i Parisavtalen. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Noreg har meldt inn til FN eit mål om å redusere klimagassutsleppa med minst 70–75 prosent i 2035 samanlikna med 1990. Spire er kritiske til at Noregs klimamål ikkje inneber ein utfasingsplan for olje og gass.

– Jaget etter evig norsk oljeprofitt saboterer 1,5-gradarsmålet. Vi har forplikta oss til ei global omstilling vekk frå fossil energi. Det må få konsekvensar på heimebane, uttalar Erfjord.

FNs klimatoppmøte, COP30, blir halde i Belém i Brasil frå 10. november. 6. og 7. november vil det òg vere eit eige møte for statsleiarar.