Oljenæringa treng over 1.000 nye folk

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 19.03.2018 10:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Behovet for nye folk i året som kjem, er størst på ingeniørsida, ifølgje undersøkinga bransjeorganisasjonen har gjennomført.

– Olje- og gassindustrien står framfor spennande utfordringar. Vi har ambisjon om å liggje blant dei fremste i verda i bruk av digitale løysingar. Mange oppgåver skal automatiserast. Dette er spennande faglege utfordringar, seier administrerande direktør Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i Norsk olje og gass.

Skal ta i bruk ny teknologi

Rundspørjinga er gjort i samband med årskonferansen til organisasjonen, som startar i Oslo torsdag. Bransjen har vore gjennom nokre krevjande år med fallande oljeprisar. Kostnadskutt har bidratt til at det er mogleg å gjennomføre prosjekt til lågare pris, noko som har ført til auka aktivitet, ifølgje organisasjonen.

– Denne industrien blir driven framover av kompetanse. No står vi framfor ei ny tid der vi skal ta i bruk ny teknologi og samtidig løfte næringa inn i lågutslepp-samfunnet. Då treng vi dei klokaste hovuda, og dei mest motiverte ungdommane, seier Schjøtt-Pedersen.

Trass i optimismen i undersøkinga, er ikkje bildet eintydig positivt for alle, og Norsk olje og gass påpeikar at bemanningsbehovet varierer frå bedrift til bedrift.