Her er det hardast kamp om studieplassane
Medan det er flest kommande studentar som har søkt seg til NTNU i Trondheim til hausten, er det Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo som har størst rift om studieplassane
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
NTNU har klart flest søkarar gjennom Samordna opptak i år. 24638 kommande studentar har søkt seg til eit studium ved universitetet i Trondheim. Talet på planlagde studieplassar gjennom Samordna opptak er 9104.
Det er 19175 søkarar som aller helst ønsker seg til UiO i hovudstaden, OsloMet (tidlegare HiOA) har 15014 søkarar, medan Universitetet i Bergen i år har fått inn 10575 søkarar som har som førsteønske å studere i Bergen.
Dette er det høgaste talet på søkarar i Bergen nokon gong, og UiB melder at det er femte året på rad dei har ei auke i talet på søkarar.
Det er 8820 søkarar som har Universitetet i Tromsø som førsteval, og i Høgskolen i Søraust-Norge er det 8651 søkarar som helst vil studere.
Størst rift om plassane på Arkitektur- og Designhøgskolen
Om ein ser på talet på berekna studieplassar gjennom Samordna opptak og talet på søkarar, så er det Arkitektur- og Designhøgskolen i Oslo som har størst rift om plassane, med 10,37 søkarar per ledige studieplass.
Noregs idrettshøgskole har 5,97 søkarar per ledige plass. I andre enden av skalaen, er det Noroff (School of Technology and Digital Media) som har færrast søkarar per ledige studieplass, med 87 søkarar fordelt på 480 ledige plassar.
Sjå heile lista frå Samordna opptak her:
- Les også: Mange fleire vil bli lærarar