Universitetet i Tromsø aukar mest av universiteta

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er fantastiske nyhende for UiT, seier rektor Anne Husebekk i ei pressemelding.

Søkartala frå Samordna Opptak viser at UiT rekrutterer fleire søkarar frå Sør-Noreg enn tidlegare.

Sjukepleiarutdanninga og studiar i leiing, rettsvitenskap og medisin toppar lista over studietilboda med flest søkarar ved UiT.

Nord universitetet opplever òg ein bra auke på 4,8 prosent.

Rekordmange søkarar

142004 personar har søkt på høgare grunnutdanning. Dette er 6417 fleire førstevalsøkjarar enn i 2017, ei auke på 4,7 prosent.

Mange lærestadar melder om rekordmange søkarar.

LES OGSÅ: Lærarutdanningane opplever stor auke i søkartala

Slik er søkartala for universiteta våre:

Lærestadsnamn Søknadar førsteval Endring%
2017-april 2018-april
Universitetet i Tromsø 7714 8820 +14.34%
NTNU 22993 24638 +7.15%
Nord universitet 5301 5555 +4.79%
Universitetet i Stavanger 5749 6006 +4.47%
NMBU 2808 2934 +4.49%
Universitetet i Oslo 18481 19175 +3.76%
Universitetet i Bergen 10493 10575 +0.78%
Universitetet i Agder 6625 6627 +0.03%