Store mørketal for sykkelulykker
NAF meiner det bør vere skulen sitt ansvar å lære barn og unge å bli gode trafikantar. Organisasjonen vil ha sykkel inn på læreplanen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– I Noreg har vi ikkje ein godt nok etablert sykkelkultur, seier Inger Elisabeth Sagedal, kommunikasjonssjef i Norges Automobilforbund (NAF).
NAF meiner skulane må ta ansvar for å lære barn og unge sykling og sykkelreglar. Organisasjonen har derfor komme med forslag til punkt om sykling i dei nye læreplanane.
– Kva meiner du med at sykkelkulturen ikkje er god nok?
– Då tenker eg på å kunne trafikkreglar og å ha respekt for kvarandre. Dei av oss som har sykla i Danmark veit at det går som ein leik. Det er ikkje berre fordi det finst sykkelvegar, men fordi syklistane stoppar på raudt lys og gir teikn til høgre og venstre, seier Sagedal.
Store mørketal for sykkelskadde
NAF er kanskje mest kjent for sitt arbeid for bilistar, men har lenge arbeidd for mjuke trafikkantar. Sidan 60-talet har dei drive opplæring på sykkel, og mange skular nyttar seg av tilbodet. Men det er berre éin dag i året.
NAF meiner styresmaktene må følge opp målsettingane om meir sykling. I byane skal all trafikkvekst vere innan sykkel, gange og kollektiv. I barnas eigen transportplan, blir det også lagt opp til meir sykkel og kollektiv. Om det er eit mål, er det viktig å gje ungdommen god opplæring.
– Det er viktig å snakke om dette, for det er mange skadar på sykkel og store mørketal, seier Sagedal.
Transportøkonomisk institutt har samanlikna ulykker registrert av SSB med dei registereringane som er gjort ved Oslo legevakt. Legevaktdataa viser åtte gongar større sjanse for å bli utsett for ei ulykke med sykkel enn det den vanlege statistikken viser.
Sykkel i kroppsøving
– Planlegging og fysiske skilje mellom trafikkgrupper er viktig, men vi har også mykje å gå på når det gjeld å gje teikn, ha blikkontakt, og å respektere andre trafikantar, seier Sagedal, som meiner det gjeld bilistane like mykje som syklistane.
NAF meiner trafikk og sykkel kan få plass i mange fag, til dømes kroppsøving og tverrfaglege tema som tar opp folkehelse.
– Skal du meistre trafikantrolla må du lære å opptre i trafikken i ung alder. Vi meiner derfor det bør vere ei definert oppgåve for skulane å lære opp barn og unge til å bli trafikantar. Det NAF driv med i dag bør i større grad påleggast og integrerast i undervisninga, seier Sagedal.
Sikker på sykkel
- NAF har sidan 60-talet drive sykkelopplæring
- I dag heiter tilbodet Sikker på sykkel og er eit gratis tilbod der skulane kan melde på klassar til opplæring og ein konkurranse
- NAF vil at sykkelopplæring skal integrereast i utdanninga