Flest kvinner held ut i førstegongstenesta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flest kvinner held ut i verneplikta

– Det viser seg at jentene står betre i førstegongstenesta enn gutane. Det vil eg kalle ein god lærdom, seier orlogskaptein Per-Thomas Bøe, som er stabsoffiser hos forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen, til avisa.

Over 900 unge kvinner møtte til førstegongsteneste i juli og august.

– Det fråfallet som har vore, kjem av skadar jentene har hatt med seg inn i førstegongstenesta, og som har gjort tenesta umogleg, seier major Sigrid Sturladatter Engebretsen-Skaret i Militærpolitiet, som hadde halvparten av dei innkalla kvinnene.

Kvinnene hadde eit fråfall på 12,6 prosent, mens hos mennene har det vore på 18,8 prosent. Totalt 2.472 menn vart kalla inn.

LES OGSÅ: No er det kamp om verneplikt-plassane