Ekspertar einige om trygge utdanningsval

Søndag er det søknadsfrist for høgare utdanning. Dei tryggaste yrkesretningane er helse, teknologi og IT, fagbrev og lærar, ifølgje ekspertar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 13.04.2018 14:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det luraste er å finne noko du har interesse for, men som også gir gode jobbmoglegheiter, seier seniorrådgjevar og arbeidsmarknadsekspert i Nav, Johannes Sørbø, til Aftenposten.

Ekspertane er einige om fire forskjellige utdanningsretningar som dei tryggaste vala. Forskar Victoria Sparrman hos Statistisk sentralbyrå (SSB) seier sjukepleiarar og vernepleiarar står spesielt sterkt innanfor helse.

Bryr du deg om ekspertråd i val av utdanning?

Bryr du deg om ekspertråd i val av utdanning?

Ja8
Nei11
Svar totalt: 19

Manglar sjukepleiarar

– Vi får alltid rapportar om stor mangel på sjukepleiarar. Etterspørselen vil auke når delen eldre blir større dei neste åra, bekreftar Sørbø.

Sparrman seier også at dei tenesteytande næringane veks kraftig.

– Det gjer at mekaniske fag og bygg- og anleggsfag vil ha mykje større etterspørsel enn det finst folk. IT-studentar vil også bli etterspurde meir enn gjennomsnittet, seier ho.

Kompetansedirektør i NHO og utdanningsforskar Are Turmo seier at om ein vel ingeniøryrket, er det bygg-, elektro- og industrifag som gjeld.

Mange lærarar pensjonerer seg

– Fagarbeidarar innanfor dei same områda er også sterkt etterspurde, seier han. Sørbø bekreftar at å gå yrkesfag og ta fagbrev er eit godt alternativ.

Til slutt er ekspertane samstemde i at også læraryrket er eit trygt val.

– Innanfor pedagogiske fag vil mange gå av med pensjon i åra som kjem. Derfor vil det vere eit stort behov for å dekke dette, seier Sparrman.