Klima og miljø

«Drill, baby, drill» er ein blindveg for framtida

Frp lever i ei verd der Noreg kan halde fram med å pumpe opp olje utan konsekvensar, men verkelegheita er ei anna, skriv Julie Trengreid Gruer i AUF.

Julie Trengreid Gruer (18)
Fylkesstyremedlem i AUF i Akershus
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Onsdag 5. april skreiv Mathias Heian Ræmisch eit lesarinnlegg der han argumenterer for kvifor Noreg framleis treng olje.

Han peikar på at klimaet alltid har gått i naturlege syklusar. Dette argumentet blir ofte brukt for å tone ned klimaendringar, men det overser eit viktig poeng. Den raske oppvarminga vi ser i dag, kan ikkje forklarast av naturlege variasjonar åleine. Utsleppa frå fossil energi er hovuddrivaren bak den globale temperaturauken, og difor må Noreg ta ansvar ved å setje ein sluttdato for olje- og gassindustrien.

Problemet er ikkje kva som er minst dårleg

Det er på høg tid at Noreg tar ansvar for klimakrisa og set ein sluttdato for olje- og gassindustrien. Frp sitt argument om at norsk olje og gass er betre enn tysk kol, er ei avsporing. Problemet er ikkje kva som er minst dårleg – problemet er at vi held fram med å dytte på kloten meir utslepp når vi burde fase ut fossil energi. For at Europa skal klare overgangen til fornybar energi, må store produsentar som Noreg gå framfor og vise at det er mogleg å avvikle fossilindustrien på ein kontrollert måte.

Olje- og gassressursane våre er avgrensa, og etterspurnaden vil falle etter kvart som verda satsar på fornybare løysingar. I staden for å klamre oss til ein industri som høyrer fortida til, burde vi bruke inntektene frå olje no til å investere tungt i framtidsretta løysingar som sol-, vind- og havkraft. Dette er ikkje berre eit klimatiltak, men også smart økonomisk politikk for å sikre arbeidsplassar og inntekter i framtida.

quote-left

I mellomtida treng vi handling no – ikkje i fjern framtid.

quote-right

Realiteten er at staten bruker langt meir pengar på å subsidiere og oppretthalde oljeindustrien enn vi investerer i fornybar energi. Ifølge Fornybar Norge fekk olje- og gassindustrien skattefordelar på fleire titals milliardar kroner under oljeskattepakken. Til samanlikning er investeringane i fornybar energi små, og utan ei omlegging vil vi aldri klare å bygge den infrastrukturen vi treng for eit berekraftig energisystem.

Vi treng handling no

Frp si løysing med kjernekraft er ikkje realistisk på kort sikt. Det tek fleire tiår å planlegge, bygge og sette i drift eit kjernekraftverk. I mellomtida treng vi handling no – ikkje i fjern framtid.

Vind- og solkraft kan byggjast ut raskare, og Noreg har store ressursar som gjer oss godt rusta til å utnytte desse kjeldene utan å rasere naturen dersom det blir gjort på ein ansvarleg måte.

Frp lever i ei verd der Noreg kan halde fram med å pumpe opp olje utan konsekvensar, men verkelegheita er ei anna. Klimakrisa er global, og som eit av verdas rikaste land med eitt av dei høgaste utsleppa per innbyggjar, har vi eit moralsk ansvar for å gå framfor. Å ikkje handle no betyr å velte byrda over på kommande generasjonar. Det er ikkje realisme – det er ansvarsfråskriving.