«Det er på tide å forby fyrverkeri i privat regi!»
Både menneske, dyr og miljø tek alvorleg skade av måten mange av oss feirar nyttårsaftan på, skriv Simen Bondevik.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Fyrverkeri er utruleg flott å sjå på. Eg synest òg det. Mange av oss har vakse opp med det heilt sidan vi var små. Ei fargerik markering av starten på eit nytt år. Men no bør markeringa med fyrverkeri ta slutt. Prisen enkelte betaler for at vi andre skal ha det moro, er altfor høg til at det kan fortsetje. Det er på tide å forby fyrverkeri i privat regi!
Fyrverkeri er kortvarig glede med langvarige konsekvensar. Både menneske, dyr og miljø tek alvorleg skade av måten mange av oss feirar nyttårsaftan på. Kvart einaste år fører fyrverkeri til store materielle og menneskelege skadar. Folk får alvorlege augeskadar som ein må leve med resten av livet, og hus blir skada i brann.
Fyrverkeri er kortvarig glede med langvarige konsekvensar
Som hundeeigar ser eg òg korleis dyra våre blir vettskremde. Alle smellane og bråket vi menneske set i gang på nyttårsaftan, er på grensa til dyreplageri. Både hestar, kyr og hundar har mista livet på nyttårsaftan på grunn av stress. Er det verkeleg verdt det?
Miljøet tek òg stor skade av alt fyrverkeriet på nyttårsaftan. Ein treng ikkje gå mange minutt utandørs 1. nyttårsdag for å sjå kor mykje feiringa vår forsøplar. Luftkvaliteten blir dårlegare av fyrverkeri. Andre stader i verda har politikarane allereie innsett dette. New Delhi, hovudstaden i India, har innført forbod mot fyrverkeri på grunn av forureining.
Mi personlege glede av å sjå på fargerikt fyrverkeri er ikkje viktigare enn traumatiserte flyktningar si psykiske helse
Dei siste åra har fleire menneske flykta til Noreg frå krig og konflikt andre stader i verda. Smella, dundringa og blinkinga frå fyrverkeri vekkjer vonde minne for fleire av dei som endeleg har kome seg hit i tryggleik. Mi personlege glede av å sjå på fargerikt fyrverkeri er ikkje viktigare enn traumatiserte flyktningar si psykiske helse.
Eg dømmer ingen som skyt opp fyrverkeri. Så lenge det er tillate, er folk i sin fulle rett til å gjere det. Men som politikarar har vi ansvar for å setje rammer for kva folk har lov til. Dei skadane fyrverkeri fører til kvart år, er så store at vi som politikarar bør forby det.
Sjølvsagt skal det vere lov å markere starten på eit nytt år. Men det er fullt mogleg å gjere det utan å øydeleggje for både miljø, dyr og menneske. Sjå berre kor flott det er når andre land set i gang lysshow på nyttårsaftan! Lat oss skape ein start på det nye året som er god for alle – utan fyrverkeri.