Rapport: – Arealforbruket vårt øydelegg livsgrunnlaget

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi kan ikkje berre fokusere på klimaendringar, vi må ha ein heilskapleg miljøpolitikk.
Det seier Christian Steel i miljøorganisasjonen Sabima i ei pressemelding.

Ein ny rapport frå det Internasjonale Naturpanelet (IPBES) viser at øydelegging av natur er det miljøproblemet som påverkar flest menneske i verda. Og det er arealbruk som er det største problemet.

–  Verdas fremste forskarar har feia all tvil til side. Landøydelegging og arealforbruk er ei av dei største miljøutfordringane vi har. Vi må redde økosystema for å redde oss sjølve, seier Steel.

Rapporten viser mellom anna at 3,2 milliardar menneske lir på grunn av øydelagd natur, at jorda går mot ei sjette masseutrydding, og dessutan kostar miljøøydeleggingane meir enn ti prosent av verdast økonomi.

Øydelagd natur forverrar klimaendringane, og motsett. Rapporten viser også at dess lenger vi ventar med å gjere noko, dess verre blir det å reparere naturen. Og vi har dårleg med tid, dersom vi skal sikre alle mat og reint vatn og hindre konfliktar og flyktningkriser.

Veit kva som må til

Steel meiner rapporten gir myndigheitene det kunnskapsgrunnlaget som trengst for å ta grep. Rapporten peikar på kva problem som er størst, og gir også økonomiske argument for å gjere noko. Det skal vere god samfunnsøkonomi å ta vare på natur og å sette skadd natur i betre stand.

Kostnadane av øydelagd natur er 10 gongar høgare enn kostnaden av å restaurere natur.

– I Norge vil det vere samfunnsøkonomisk lønsamt å investere i å sette mange av våre regulerte vassdrag tilbake i betre stand. Det same gjeld restaurering av myr og anna våtmark som lagrar karbon, reinsar vatn og dempar flaum, seier Steel.

Vidare seier han at ei justering av landbrukspolitikken, der vi tar betre vare på artsrike slåtte- og beitemarker og snarast mogleg når målet om å verne 10 prosent av skog, vil vere nyttig. Skogen rommar både store karbonlager og halvparten av dei trua artane i Norge. Slåttemarkene rommar innsekt som hjelper på pollineringa av plantar.

Må nå eigne mål

I Noreg har Stortinget vedtatt eit mål om å restaurere 15 prosent av økosystem som er negativt påverka. Det er eit mål rapporten anbefaler oss å nå.

– Også vår eigen natur blir mange stadar ørkenliknande, ved at mange artar har blitt borte og økosystema har tapt grunnleggande funksjonar, seier Steel.

Eitt døme er at skogbruk og landbruk nyttar monokultur, altså ein type plante over store område. Eit anna døme er attgroing av kulurlandskapet, som er variert og artsrikt. Steel meiner også at oppdretts- og vasskraftindustri tar lite omsyn til kva miljøøydeleggingar dei fører med seg.

– Klima- og miljøminister Ola Elvestuen må få med seg alle sektorar på å stanse tapet av naturmangfald for å sikre at naturen gir oss økosystemtenester. Det er sjølve fundamentet for samfunna våre, som mat, byggemateriale, reint vatn og beskyttelse, seier Steel.

Naturmangfald

  • Rapporten artikkelen omtalar er publisert av Internasjonale Naturpanelet (IPBES) og kan lesast her her.
  • Sabima er ein miljøorganisasjon som jobbar for å ta vare på eit biologisk mangfald av dyr, plantar og sopp i norsk natur.