Ei gruppe nordiske forskarar har for første gong sett på kor mange krefttilfelle som kan førebyggjast dei neste tre tiåra om fleire kuttar røyken, skriv Aftenposten.
Resultata vart nyleg publisert i det vitskapelege tidsskriftet European Journal of Cancer.
11 prosent av den norske befolkninga røykjer dagleg. Trass i at langt færre røykjer no enn for 20 år sidan, aukar talet tilfelle av lungekreft for kvinner. Samtidig er det ein liten nedgang for menn.
I 2016 fekk totalt 3.080 personar lungekreft i Noreg, det er det høgste talet som er registrert. Denne krefttypen står for 60 prosent av dei røykjerelaterte krefttilfella i landet.
Direktør Giske Ursin i Kreftregisteret seier noko av forklaringa er at mange godt vaksne røykjarar har halde på sine røykjevanar.
– Dersom vi vil snu trendane med røykjerelatert kreft raskast mogleg, må vi få endå fleire 50- og 60-åringar til å slutte å røykje. Ikkje minst kvinner, påpeikar Ursin.
- LES OGSÅ: Når blei det kult å røyke?
– Å slutte å røykje gir ein god gevinst sjølv om ein er over 50 år når ein sluttar. Og kanskje særleg for kvinner.