Når blei det kult å røyke?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I eit verdsbilete som viser at færre og færre røyker, er det likevel noko som skurrar. Dei siste åra har vi nemleg sett ei betydeleg auke i røyking på film, tv, hos kjendisar i sosiale medium, og i motebilete.

Ein ny studie frå organisasjonen Truth Initiative viser høg bruk av tobakk i dei aller største tv-seriane. Til dømes så er det den kritikarroste seriane Stranger Things og Orange is the New Black som tronar på toppen av studien med flest tobakkrelaterte hendingar. Studien viser òg til at 79 prosent av Netflix sine mest populære seriar blant brukarar mellom 15 og 24 år bruker tobakk som verkemiddel.

Auke av unge røykarar i USA

Ein rapport frå den amerikanske generalkirurgen viser at frå 2002 til 2012 har unge røykarar i USA auka med 4 millionar. Den viste òg at frå 2005 til 2010 var der ein kraftig nedgang i røyking på film, men frå 2010 og opp til 2016 hadde der vore ei auke på 72 prosent i tobakkrelaterte handlingar på film. Ein annan rapport frå den amerikanske generalkirurgen viser at unge som blir utsett for tobakksbruk på film, har dobbelt så stor sjanse for starte å bruke det i verkelegheita en dei som ikkje blir det.

I sosiale medium

Motemagasinet Harper’s Bazaar publiserte i fjor ein artikkel der det blir uttrykt for bekymring over at mellom anna modellar, pop-musikarar og skodespelarar sin bruk av sigarettar har auka og blitt trend-liknande. Dette i stor grad på private og promoterande bilete på sosiale medium, tv og film, ofte i regi av motefotografar og filmskaparar.

Sigarettar blir i stor grad brukt i film og tv-seriar som portretterer eit tidlegare tiår, for å gi sjåarane eit overtydande inntrykk. Det blir også brukt i film og tv-seriar frå samtida for å gi eit inntrykk av at karakterane er menneskelege med feil og svake sider. Dette er no begynt å snike seg inn i sosiale medium gjennom kanalar som Instagram og Snapchat, med til dømes kjendisar som Kylie og Kendal Jenner, Sofie Richie, og Bella Hadid.

Dakota Johnson på The Met Galla.

The Met Galla fekk kritikk

Mellom anna fekk The Met Galla i 2017, som er ei stor årleg pengeinnsamling til galleriframvising av mote, massiv kritikk for å glamorisere røyking. Grunnen var at det blei publisert opptil fleire bilete på sosiale medium av glamorøse røykande kjendisane som brukte toaletta i lokalet som røykerom.

Lothepus blei først kjent gjennom Fjorden Cowboys, og blei verkeleg kjendis etter å ha blitt med på Kjendis-Farmen. Pressefoto: Stian Servoss

Kva rolle spelar desse røykande kjendisane for samfunnet, og kan dei ha noko innverknad på norsk ungdom? I Noreg har vi og sett ei auke av røyking på tv. Lothepus og Jegertvillingane er skjeldan sett utan sneipen i kjeften.

Ikkje slått an i Noreg, ennå

I Noreg er vi likevel ikkje plaga med at mange unge begynner å røyke, men har røykande kjendisar så lite innverknad på norsk ungdom at dette fenomenet ikkje er noko vi også bør være obs på? Kjendisar er ofte til inspirasjon, og blir idealisert av mange unge på eit eller anna plan. Blir det ikkje då feil å påstå at det ikkje sender ein, om så litt subtil, beskjed til unge om at røyking ikkje er feil?

Enn så lenge ser det ut til at dette ikkje har nokon store effekt på norsk ungdom, dei held seg til snusen sin. Kven veit, kanskje røyking får ein renessanse her til lands òg snart? Kven skal vi då halde ansvarleg?