Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Thomas Findal Andersen frå Kristiansand, har hatt eit mykje tøffare liv enn dei fleste 19-åringar. Arra på kroppen fortel historia om grov mobbing. Thomas er døv, men har operert inn Cochlea-implantat, som hjelper han å høyra.

– Eg vart blant anna kalla for døvjævel, at eg ikkje var verdt ein dritt, og kunne gå og dø. Dei meinte at eg ikkje høyrte til der. Mobbinga starta i fyrste klasse og varte til 8. klasse. Den eine trillingbroren min er òg døv, og han var utsett for den same mobbinga, fortel Thomas.

19-åringen opplevde ikkje berre psykisk terror, medelevane gjekk òg fysisk tilverks.

– Eg vart banka opp, sparka og folk prøvde å klippe av leidningane på Cochlea-implantata, fortel han vidare.

LES OGSÅ: Auke: over 50.000 elevar blir mobba fleire gongar i månaden

Trillingane stod saman – skulen gjorde lite

Thomas fortel at han fekk lite hjelp av skulen.

– Det førte til at då eg var elleve til tolv år gamal, gjekk eg heim frå skulen, fann eit tau og tok det rundt halsen. Eg hoppa, men tauet rauk, seier Thomas.

Andreas, eine trillingbroren, kom til han og sa «dør du, så dør eg med deg.» Orda frå broren gjorde at dei heldt ut mobbinga saman.

– Det førte til at då eg var elleve til tolv år gamal, gjekk eg heim frå skulen, fann eit tau og tok det rundt halsen. Eg hoppa, men tauet rauk

LES OGSÅ: «Livet er verd å leva – det kan me gjerne snakka meir om»

Mobbinga var grov vald

– Ein gong vart eg dytta ut i vegen og var nokon centimeter frå å verte påkøyrd. Dei trua meg på livet med kniv, fortel den modige unge mannen.

– Det tok slutt, til slutt, dei skjønte at eg og Andreas var for sterke til å køddast med, fortel Thomas Findal Andersen. Foto: privat

– Det tok slutt, til slutt, dei skjønte at eg og Andreas var for sterke til å køddast med. Me vart berre sterkare og sterkare for kvar dag som gjekk, fortel han.

Situasjonen påverka Thomas mykje psykisk. Han gjekk aldri til nokon og bad om hjelp.

Han gjennomførte skulen på eiga hand, utan støtte frå andre. Han bygde opp seg sjølv att.

LES OGSÅ: Elevorganisasjonen krev at skulane gjer meir

Arra viser historia

Men dei fysiske arra frå mobbinga ber han enno. Både på beina og tommel, arra gøymer historier om vald, og djupe kutt grunna harde dytt og fall mot stein. Heldigvis vart han redda den eine gongen, i åttande – og sendt på legevakta medan blodet rann.

Etter ungdomskulen flytta han vekk til Drammen.

– Eg budde åleine i to år, og der starta det nye livet – med ein haug med vener. Heile livet vart raskt snudd opp ned. Eg var innmari lukkeleg, seier Thomas.

Har aldri hatt det så bra

No er han attende i byen han flytta frå.

– Eg flytta heim for eit og eit halvt år sidan. Eg har aldri hatt det så bra, eg går ikkje rundt å tenkjer på det som hende.  Folk likar den eg er og eg vert sett på som eit vanleg menneskje med kjensler, fortel Thomas.

Thomas reiser i dag rundt og fortel om fortida si, i tillegg arbeider han for Norges Energi.

– Mobbarane har tatt kontakt med meg og sagt unnskyld i ettertid. Men eg har alltid sagt, fortid er fortid, og lever her og no, avsluttar Thomas.

LES OGSÅ: Lærte å mobba – i kampen mot mobbing