Fleire elevar blir mobba i skulen enn før

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Resultata frå Elevundersøkinga 2017 viser at 29000 elevar frå 5. trinn og oppover seier dei har blitt mobba 2-3 gonger månaden eller oftare. Det utgjer 6,6 prosent av elevane, mot 6,3 prosent året før.

Det vil seia at kring 1300 fleire born og unge frå 5.trinn og oppover blir mobba i dette skuleåret samanlikna med året før.

Den nye kunnskapsministeren Jan Tore Sanner meiner det er uakseptabelt at så mange blir mobba i skulen. Arkivfoto

Viss ein reknar med alle elevane i skulen frå 1. trinn, betyr det at over 50000 elevar opplever mobbing. Det er 2300 fleire enn året før.

– Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø, og ingen barn skal oppleva mobbing. Det er uakseptabelt at så mange barn og unge vert mobba, seier den nye kunnskaps- og integreringsministeren Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

3 av 4 har ikkje gjort nok

Samstundes rapporterer fylkesmennene om fleire saker frå barn, foreldre, skular og barnehagar for å hjelpa til med å løysa mobbesaker.

Fylkesmennene har fått 563 meldingar om mobbing.

Totalt var 355 sakar ferdigbehandla ved utgangen av året.  I dei 124 sakene som dreidde seg om skular hadde oppfylt aktivitetsplikta dei fekk i fjor haust, så fann fylkesmannen at dei i 3 av 4 tilfelle ikkje hadde gjort nok.

Som forventa

Regjeringa har sett i verk ei rekkje tiltak for hinder at barn vert mobba. At tiltaka så lang ikkje har ført til ein nedgang i mobbetala i Elevundersøkinga for 2017, er som forventa sidan dei har hatt lita tid til å verka, ifølgje pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet.

Departementet trur òg den store merksemda om mobbing ha bidratt til at fleire elevar seier ifrå og har blitt meir medvite på kva mobbing er.

Forskjellar i mobbing

På 5. trinn vert nær 7,8 prosent mobba av medelever. På det siste trinnet i vidaregåande skule er mobbetalet på 2,3 prosent.

Elevundersøkinga viser at mobbing kjem til utrykk på mange måtar. Gutane vert utsett mest for å bli slått, dytta eller halde fast. Jentene er derimot meir utsett for å bli kalla stygge ting eller haldast utanfor.

Digital mobbing skil seg ut ved at tala er langt lågare på barneskulen og høgast på ungdomstrinnet. I tillegg er det mange elevar som oppgjev at dei vaksne på skulen ikkje veit om mobbinga.

2 prosent av elevane svarer at dei har blitt mobba av vaksne på skulen to til tre gonger i månaden eller oftare.