Henriette Sjursen-Eriksen er ny leiar av Grøn Ungdom

Den nyvalde leiaren vil ta kampen mot høgrebølga blant dei unge og grunnlovsfeste retten til abort.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Det er ei stor ære å bli vald som leiar av Grøn Ungdom. Eg gler meg til å ta kampen mot høgrebølga blant unge, politikarar som neglisjerer klimakrisa, og mindre internasjonalt samarbeid som leiar, uttalar Henriette Sjursen-Eriksen (20) i ei pressemelding.

20-åringen frå Oslo vart einstemmig vald som ny leiar av Grøn Ungdom på landsmøtet i helga, melder NTB. Sjursen-Eriksen kjem frå rolla som leiar av Oslo Grøn Ungdom.

Abort-vedtak

Under landsmøtet vedtok Grøn Ungdom at dei ønskjer å grunnlovsfeste retten til abort. I dag er retten til abort lovfesta i abortlova i Noreg. Frankrike vedtok i 2024 som første land å grunnlovsfeste retten til abort.

– Over heile verda føregår det angrep på kvinners rett til å bestemme over eigen kropp. Noreg bør tydeleg vise at retten til abort ikkje er noko som kan endrast over natta, men er ein menneskerett. Difor bør retten til abort inn i grunnlova, seier den nyvalde leiaren av Grøn Ungdom ifølgje NTB.

Han med jointen

Henriette Sjursen-Eriksen tar over stafettpinnen som leiar av Tobias Stokkeland. Han har vore talsperson i Grøn Ungdom sidan 2021, og vart vald til leiar under landsmøtet i 2023.

I eit innlegg på Instagram skriv Stokkeland at han tok over eit ungdomsparti i fritt fall. Fire år seinare har MDG kome over sperregrensa, Frøya Skjold Sjursæther er på Stortinget og Grøn Ungdom står sterkare enn på lenge, oppsummerer han.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Tobias Stokkeland (@tobiasstokkeland)

– At eg først og fremst (ok, så å seie berre) blir kjent igjen fordi eg drog opp ein joint i ein debatt og debatterte Baris på GUTTA var ikkje akkurat planen. Det sagt håpar eg at den vesle nisjen folk som kjem til å hugse meg, vil hugse meg for den eg er: Kanskje smart, litt kunnskapsrik, ganske morosam og chill, men først og fremst håpar eg folk tenker på meg som ein oppriktig, ærleg og ok fin fyr, skriv han i posten.

Andreas Aukland frå Rogaland tar over som politisk nestleiar etter Frøya Skjold Sjursæther.

Tobias Stokkeland seier trening er eit naudsyn i kvardagen. Foto: Einar Nygaard