USA: Ein lov hindrar forsking på vald og skyteepisodar

Det finst lite kunnskap om kva som kan forhindre fleire dødsfall relatert til våpenbruk i USA.

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter større skyte-episodar i USA, går debatten ofte som følgjande; éi side meiner det bør innførast strengare våpenkontroll, medan den andre sida argumenterer for at det er lite forsking som viser at auka kontroll vil føre til færre dødsfall.

Men sanninga er, at det er lite forsking på våpen og vald i USA i det heile tatt. Det betyr at politikarar, økonomar, forskarar – alle som jobbar med å forstå og styre våpenbruk i USA, baserer deira argument på informasjon som er ikkje er bevist eller som ikkje er forska på.

Budsjettkutt

I 1996 blei det innført ei lovendring med tilnamnet «Dickey Amendment», etter forslag frå ein kongressmann i Arkansas, Jay Dickey. Ordlyden i den nye loven var; «ingen finansiering av Centers for Disease Control and Prevention (CDC) si førebygging og kontroll av skader kan bli brukt til å fremme eller promotere våpenkontroll».

Jay Dickey. Foto: Wikimedia

Jay Dickey. Foto: Wikimedia

Sjølv om lovendringa ikkje direkte forbaud forsking på drap som følgje av våpenvald, gjorde budsjettkutt det tydeleg kva intensjonen bak endringa var. Kongressen minska nemleg budsjettet til institusjonen CDC med eksakt same beløp som dei hadde brukt på våpen-relatert forsking. I tillegg fekk ikkje CDC lenger finansiere forsking som argumenterte for meir våpenkontroll i USA.

Ifølgje Lacey Wallace, førsteamanuensis i strafferett ved Pennsylvania State University, sank CDC si finansiering til våpenforsking med 96 prosent i frå 1996 til 2013.

Våpen-epidemi

Ei undersøking som er gjort på våpenvald i USA, viser at ikkje-dødeleg skyting har auka sidan tidleg 2000-talet. Basert på dataa som finst på registrerte skyteepisodar, overlever 6 av 7 som har blitt skotne. Tala inkluderer også forsøk på sjølvmord.

– Dette landet har ei stor utfordring – ein epidemi av våpenskader, sa Sandro Galea, dekan ved Boston University School of Public Health.

Bakmannen angrar

I 2012 skreiv Jay Dickey, mannen bak lovendringa, eit innlegg i Washington Post.

«Vitskapleg forsking burde bli utført for å forhindre skadar som følgje av våpenbruk, og at det finst måtar å forhindre våpen-relaterte dødsfall på, utan å krenke rettigheitene til legitime eigarar av våpen.»

Seinare sa han til ABC News;

– Eg skulle ynskje eg ikkje var så reaksjonær.