59 menneske blei drepne under masseskytinga i Las Vegas søndag. – I dag er ikkje dagen for å snakke om våpenpolitikk, sa Det kvite huset måndag.
mm

Hittil i år har 11.686 menneske i USA blitt drepne av handvåpen, ifølgje gunviolencearchive.org. Det tilsvarer nesten 43 menneske per dag. Nettstaden fører oppdaterte tal for kor mange som drepne med handvåpen i landet der retten til å bera våpen er grunnlovsfesta.

Masseskyting i Las Vegas

Søndagskveld lokal tid blei 59 drepne og 572 skada under det som har blitt til den verste masseskytinga i USA i moderne tid. Ein av årets country-festivalen Route 91 Harvests siste artistar stod på scena i Las Vegas då publikum blei skote på frå eit hotellrom i 32. etasje i Mandalay Bay Hotell. 64-år gamle Stephen Paddock er den antatte gjerningsmannen, og skal truleg ha tatt sitt eige liv før politiet fann han på hotellrommet.

Til saman har det vore 46.695 skyteepisodar i USA hittil i år, og 23.717 menneskjer har blitt skada. Det tilsvarar over 170 tilfelle per dag.  I 1.521 tilfelle har skytevåpen blitt brukt som forsvar, mens våpen vart avfyrt utilsikta 1.512 gonger med død eller skade som følgje.

Omdiskutert våpenpolitikk

President Donald Trump kalla hendinga ein «handling av pur ondskap» då han snakka med presssa måndag. Han nemnte ikkje den omdiskuterte våpenlova i USA, som tillet mange amerikanarar å bære våpen.

– Eg synest me kan diskutera våpenpolitikk, men i dag er ikkje dagen for det, sa pressetalsperson i Det kvite huset, Sarah Huckabee Sanders, i etterkant av skytinga i Las Vegas.

Hittil i år har det også vore 1.555 tilfeller der ein mistenkt har vore drepen av ein politioffiser. Frå 2013 til 2015 blei over 2.000 menneskjer drepne av politi. USA-ekspert Svein Melby frå Institutt for forsvarsstudiar sa til VG nyleg at det aukande klasseskillet er bakgrunn for mykje av misnøya og demonstrasjonane i landet. Les heile saka frå 2015 her.

Oppdatert: tysdag 3. oktober 2017 14.12

Kommentarar

ANNONSE