Kvifor er det nesten berre menn som skyt?

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag angreip 26 år gamle Devin Patrick Kelley First Baptist Church i Texas, og drap 26 menneske. Det var berre 4 dagar etter Scott Allen Ostrem skaut og drap 3 menneske på ein Walmart-butikk utanfor Denver, 18 dagar etter Radee Labeeb Prince skaut og drap 3 menneske i Maryland, og 35 dagar etter Stephen Paddock skaut og drap 56 konsertgåarar i Las Vegas.

Gjerningspersonane har ein fellesnemnar. Dei er alle menn.

Tidsskriftet Mother Jones har kartlagt masseskytingar i USA frå 1982 fram til i dag. Dei har registrert 95 episodar, inkludert søndagens åtak i Texas. Av 95 masseskytingar var berre to utført av kvinner.

First Baptist Church i Sutherland Springs, like etter masseskytinga. Foto: Robert Baker/Flickr

Kvifor er det nesten berre menn som skyt?

Taparar

«Sinte, kvite menn» er eit omgrep som har blitt mykje brukt for å beskrive gjerningspersonen bak masseskytinger i USA. I 2013 skreiv den anerkjente, amerikanske mannsforskaren Michael Kimmel boka Angry White Men: American Masculinity at the End of an Era. Han meiner raseriet er ein følgje av at kvite amerikanske menn taper.

– Dei taper pengar, jobbar, status, ansikt og ikkje minst draumen om Amerika … USA er på mange vis eit mykje betre samfunn enn for eit par tiår sidan. Mange menn føler seg trua i sin manndom. Dei rasar mot endringane, står med ryggen mot, og opplever det som ein tsunami som druknar kjønnet deira, sa Kimmel i intervju med Finn Skårderud i Aftenposten, 2015.

Ikkje berre kvite menn

Etter masseskytinga i Las Vegas 1. oktober i år republiserte Aftenposten intervjuet med Kimmel for å belyse nokon av årsakane til at sinte, kvite menn i USA grip til våpen.

Det fekk journalist Therese Sollien til å reagere. Ho meinte at «sinte kvite menn» ikkje begår fleire massedrap enn menn med andre hudfargar. Ho viste til statisikken frå Mother Jones, og påpeiker at både afroamerikanarar og asiatar er overrepresentert blant gjerningspersonar i forhold til kor stor del gruppa utgjer av befolkinga.

Indre demonar

Men trass i at gjerningspersonane kjem frå mangfaldige etniske bakgrunner, er det likevel ein ting dei har til felles. Dei er nesten alle menn. Kjønnsforskar Jørgen Lorentzen er overtydd om at maskulinitet har ein finger med i spelet.

– Kva er det menn verda over lærar om håndtering av traumer og djupe kjensler? Ikkje ein døyt, meiner han.

– Dei fleste blir berre møtt med ein skuldertrekk. Dei har ingen å snakke med, eller tør ikkje å søke hjelp fordi det er assosiert med tap av maskulinitetet. Kjenslene blir etterkvart demonar som dei kan få utløp av med hjelp av vald. Dei fleste rettar denne valden mot seg sjølv i form av alkoholmisbruk eller sjølvmord. Berre nokon få tar det så langt som til masseskytingar.

Vald mot familien

Nokon får utløp ved å rette valden mot sine nærmaste.

Juristen Deborah Epstein sa til amerikanske National Public Radio i kjølvatnet av skytinga i Texas at ein stor overvekt av alle masseskytingar som er begått i USA er utført av personar som har vore valdelege mot ein partnar.

I følgje ein studie utført av Everytown for Gun Safety er eit nært familiemedlem eller partner blant dei drepne i 54 prosent av masseskytingar i USA sidan 2009.