FpU-formann: Desse sakene bør Frp gi seg på i forhandlingane
FpU-formann Bjørn-Kristian Svendsrud om regjeringsforhandlingane, året som har gått, året som kjem – og kva bok du bør lesa i jula.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Desse sakene bør Frp gi seg på
– Kva har gledd deg mest i 2017?
– Det må vera at Frp fekk fornya tillit av veljarane ved valet i september. Alle spådomar om Frps regjeringsdeltaking er gjort til skamme, vi har vist at vi er eit styringsdyktig parti, med viktige prioriteringar for landet vårt.
– Kva har skuffa deg mest i 2017?
– Det må vera at Frps landsmøte gjekk i mot å opna for surrogati og avkriminalisering av bruk av narkotiske stoff. Dette er liberale spørsmål Frp burde vore for i auga mine.
– Kva er det største ønskjet ditt for 2018?
– Eg håpar først og fremst at det i slutten av 2018 vil vera meir fred i verda enn kva det var då året starta. Og så håpar eg på eit godt resultat av regjeringsforhandlingane.
– Kva saker synest du og FpU at Frp bør gi seg på i regjeringsforhandlingane med Venstre?
– Eg vil spesielt trekkja fram ein potensiell rusreform, vi må slutta å sparka på folk som ligg nede. Og så håpar eg at det vert forhandla fram mekanismar for å få ein meir berekraftig velferdsstat enn kva vi har i dag, det er totalt sett kanskje det viktigaste.
– Og kva saker bør Frp ikkje gi seg på?
– Eg har ei fornemming av at Venstre kjem til å pressa på eit par nye miljø- og klimaavgifter. Då meiner eg det er viktig at Frp kjempar for at eventuelt nye miljøkrav i minst mogleg grad skal gå utover folk flest. Vi bør ikkje godta ekstra avgifter, men heller finna nye «gulrøter» som gjer det meir attraktivt for folk å velja miljøvennlig. Og så er det viktig at Venstre forstår at Noreg må styrast etter ein streng, men rettferdig innvandringspolitikk.
– Kva bok vil du anbefala andre å lesa i romjula?
– Det må bli Jeg er Pilegrim av Terry Hayes. Det er ein fantastisk god thriller. Ein treng ikkje bli skremt av 800 sider, det er utruleg kor fort boka blir lesen ut.