Isabell bestilte spørjeundersøking: – Folk seier nei til ACER

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Oppfatninga mi er at folk har tatt standpunkt mot ACER, men det standpunktet kjem ikkje fram i media, seier Isabell Dahl.

Ho er student ved administrasjon og organisasjon ved Universitet i Bergen. Der har ho skrive bacheloroppgåve om Norge si tilknyting til EUs finanstilsyn. Til hausten skal ho begynne på masteroppgåva si.

– I EU styrer fagpersonane

I vinter har ho engasjert seg i kampen mot det europeiske energitilsynet ACER. Ho viser til det ho har lært om finanstilsynet, og meiner at energitilsynet er meir av det same.

– EU har ei tilnærming der det er fagpersonane som styrer. Meiningane til dei ulike landa interesserer dei seg ikkje så mykje for, seier Dahl.

Ho forklarer at det er mykje møteverksemd mellom fagpersonar og byråkratar i dei ulike landa, medan politikarane blir sette til sides.

– Byråkratane får to hattar. Dei må ha eit godt samarbeid med EU, samtidig som dei skal vere lojale mot nasjonale interesser. Det er denne dynamikken eg fatta interesse for, seier ho.

Dahl meiner at saka har blitt for politisk og for teknisk til at vanlege folk klarer å følge med på alt. Ho ønskte derfor å gjennomføre ei undersøking, der folket fekk seie ja eller nei til ACER ut frå det dei veit.

Via nettaviser og sosiale medium, har Dahl samla inn nok pengar til at Sentio kunne spørje 1000 personar om kva dei meiner om ACER.

– Eg har brukt Sentio fordi eg ville ha korrekte spørsmål som ikkje er leiande, seier Dahl.

«Nei» og «veit ikkje»

Ifølge undersøkinga svarar 52,3 prosent at dei er mot at Norge skal bli med ACER. 8,8 prosent svarar ja, og heile 38,9 prosent av dei 1000 som er spurde veit ikkje kva dei skal meine.

Vidare meiner 41,7 prosent at det å bli med i ACER er suverenitetsavståing, og at det derfor trengst 3/4 fleirtal i Stortinget for at medlemskapet kan bli vedtatt. 47,5 prosent veit ikkje kva dei tenker om dette.

Det siste spørsmålet set opp som føresetnad at ACER vil føre til dyrare straum for norske forbrukarar og norsk industri.

75,3 prosent svarar at norske forbrukarar og norsk industri bør prioriterast.

– Er ikkje særleg det siste spørsmålet ditt litt leiande?

– Det er eit vanskeleg spørsmål, men det har komme fram i debatten at Norge kan bli nøydde til å selje kraft når behovet blir stort i Europa. Eg ville ha eit spørsmål der folk fekk seie om dei er for eller mot dette, seier Dahl.

– Demokratisk problem

Dahl meiner også at det er eit demokratisk problem om store saker ikkje blir skikkeleg diskuterte. Mellom anna viser ho til at ei rekke forslag og utsegn, frå både vanlege folk og fagfolk, blir feia til sides.

– Forslag om juridisk utval, folkerøysting og at vedtaket treng 3/4 fleirtal har berre blitt blokkerte, seier ho.

– Kva meiner du svara frå undersøkinga bør bety for politikarane?

– Om partia tenker på neste val bør undersøkinga ha mykje å seie, seier Dahl.

ENERGITILSYNET ACER

  • ACER er ein ny del av ein gamal samarbeidsavtale mellom EU-land om energi. Målet med ACER er å sikra fri flyt av energi mellom landegrensene internt i EU.
  • Regjeringa går inn for at Noreg skal gå med i ACER. Men for at EU ikkje skal få kontrollen over norsk energipolitikk, går regjeringa samstundes inn for å skipa eit særnorsk organ med namn RME.
  • Dette RME, reguleringsmyndet for energi, skal liggja som eit eige organ i NVE, Norges vassdrags- og energidirektorat. NVE skal ikkje kunne gje diktat til RME.