Forslag om ekstrapoeng for nynorskelevar på vidaregåande

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 19.03.2018 10:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er komme inn mange endringsframlegg til dei politiske programma om språk i skulen og om Noreg som fleirspråkleg samfunn. Mange av framlegga er kontroversielle, så det blir spennande å sjå kva landsmøtet går for, seier Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom, i ei pressemelding.

Eitt av endringsframlegga som er komne inn føreslår å endre politikken Norsk Målungdom har om ekstrapoeng for nynorsk som hovudmål. I dag er organisasjonen mot at vidaregåandeelevar som har nynorsk som hovudmål skal få ekstrapoeng for det, men no kan det altså endre seg.

Gode argument for og mot ekstrapoeng for nynorsk

– Det finst gode argument for og mot ekstrapoeng for nynorsk. Ekstrapoeng kan bidra til å sikre statusen til nynorsken, men det er vanskeleg å vite om ei slik ordning kjem til å fungere i praksis. Derfor blir dette også ein diskusjon om kva linje vi skal leggje oss på framover, seier Hope.

Det har også kome inn eit framlegg om at kommunar med meir enn 70.000 innbyggjarar skal tilby nynorskklasse, uavhengig av kor mange foreldre som krev det. Slik situasjonen er no, må foreldra til minst 10 elevar krevje nynorsk for elevane sine for å få lov til å etablere ei eiga klasse.

Det er krefter i organisasjonen som vil at organisasjonen skal arbeide for å få inn i grunnlova at nynorsk og bokmål er jamstilte skriftspråk i Noreg.

– Nynorsken har eit mykje svakare juridisk vern enn til dømes samisk. Å grunnlovsfeste jamstillinga mellom nynorsk og bokmål ville vere eit stort steg i rett retning, seier Hope. Han ser fram til ei landsmøtehelg med friske ordskifte.