Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 05.02.2018 12:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kjære sentralstyre: Lat meg ta over makta i Mållaget, slik at vi kan knuse bokmålet!

Det har gått ti år sidan Trym Hellevik, spelt av Harald Eia, lanserte seg sjølv som ny leiar i Noregs Mållag i Uti vår hage–sketsjen «Noreg über alles». Etter eit fingert innbrott i hovudkontora til Mållaget, der handlangaren Jeremias (Atle Antonsen) «manipulerer edb-bokstavknastane slik at dei får syntax error», legg Hellevik skulda på bokmålsfolket for å legitimera eit maktskifte.

Harald Eia får Hitlerbart i Noreg über alles. Skjermdump frå NRK.

Skjermdump/NRK

– Mållaget treng ein krigar, tordnar Hellevik – og med eit uheldig strøk med sprittusjen får han ein liten, svart bart som matchar sleiken og den krigshissande retorikken.

Den groteske parodien på målrørsla og språkstriden vart send på NRK 17. januar 2008, som tredje episode i andre sesong av Uti vår hage.

Sidan har sketsjen sett preg på stadig nye generasjonar av målungdommar.

 

Noldusar og haldningskampanjar

– Me har mykje internhumor frå den sketsjen framleis. Kanskje litt vel mykje, seier Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom.

Hope fortel at han følgde med på Uti vår hage i 2008, og så lenge han har vore med i Målungdomen, har «Noreg über alles» vore ei greie. Dei hermar etter den overdrivne austlandsnynorsken til Harald Eia, dei har trykt opp banner med «Ikkje ver ein noldus, legg om til nynorsk», og på kontoret heng ein «haldningskampanje» om at rekneskap er kult, ikkje keisamt.

Og så drikk dei Mozell. Mykje Mozell.

https://www.facebook.com/photo.php?fbid=10157594020515531&set=gm.10155288466262892&type=3&theater&ifg=1

 

Møte- og seminarbrus nr 1

– Når det er møtar og seminarar, då skal det serverast Mozell, seier Espen, den sitjande mållagsleiaren spelt av Bård Tufte Johansen, som hentar inn kassar med Mozell i det leiarvalet blir sett i gang.

– Mozell er møte- og seminarbrus nummer éin. Men no blir dei med høg møtefrekvens åtvara mot å drikka for mykje av brusen, etter at ekspertar har påvist at Mozell har ein avhengigheitsskapande effekt, seier ein nyhendeopplesar medan valet pågår.

Skjermdump frå NRK/Uti vår hage

I alle fall på dette punktet har røyndomen herma etter satiren.

«Tru det eller ei. På grunn av Bård Tufte Johansen har eg knapt drukke anna brus enn Mozell sidan 2009,» skreiv tidlegare nestleiar i målungdomen, Kristofer Olai Ravn Stavseng, i ein diskusjon om temaet på Facebook i fjor.

– Når me har dialektprisutdeling eller feirar ein vervekampanje, når det skal vera litt stas, så skålar me i Mozell. Og så har me alltid Mozell i kiosken på sommarleir og vinterleir, seier Fredrik Hope.

– Me er ein alkoholfri organisasjon, så det må vera brus. Då er det jo fint å velja ein brus som har litt historie med seg.

 

Knusar mytar

For fylla lovbnaden sin om at «alle i heile landet skal bli nynorskbrukarar innan ti dagar», tar den nyvalde mållagsleiaren Trym Hellevik bruk det sterkaste verkemiddelet han kjenner til: haldningskampanjar. Dei hyrer inn kommunikasjonsbyrået Holgersen & Tversnes til å laga ein kampanje retta mot ungdom, der dei tar tak i «mytane om nynorsk».

Bård Tufte Johansen som Holgersen i kommunikasjonshuset Holgersen & Tversnes. Skjermdump frå NRK.

Skjermdump/NRK

Ti år seinare gjennomfører Norsk Målungdom ein heilt ekte kampanje med same grunnidé: «Nynorsk myteknusar».

Fredrik Hope og Elise Tørring blir litt flaue når temaet kjem opp. Men dei avviser at dei stal idéen frå Eia og Tufte Johansen.

– Me har heldt på å planleggja denne kampanjen lenge, og så skjønte me plutseleg at «No er me jo Uti vår hage». Me ler litt av det internt, og viss nokon koplar kampanjen til sketsjen, så klarer me å stå for det. Språkhaldningar er jo viktig, sjølv om nokon har tulla med det, seier Hope.

– Men de har ikkje Ivar Aasen med hanekam og naglar?

– Nei, men me har Aasen i mange andre samanhengar, ler Tørring, og viser til at dei gjerne tar med seg Aasen-pappfiguren sin på reise med diverse aksessoarar.

Saka held fram under biletet.

 

 

Fredrik Hope, Ivar Aasen og Elise Tørring skålar gjerne i Mozell på skrivarstova til Noregs Mållag

Fredrik Hope, Ivar Aasen og Elise Tørring skålar gjerne i Mozell på skrivarstova til Noregs Mållag. Foto: Runar B. Mæland

 

Karikatur på ein karikatur

Etter maktovertakinga til Trym Hellevik flyttar Mållaget hovudkvartera sine inn i ein mørk bunkers, der dei koordinerer kampen mot bokmålet med fargerike fykeblad og bussreklamar. Men når pengesekken er tom og Riksrevisjonen er på veg, må dei innsjå at slaget er tapt. I rein Der Untergang-stil festar Espen med musikk og Mozell, medan Jeremias flyktar over til fienden og Trym trassar all motstand og tviheld på planen sin.

Men er det ikkje ganske drygt å framstilla nynorskfolket som nazistar? Med alt snakket om krenkehysteri og hårsårheit i dag, kan ein lura på om ikkje nokon tok seg nær av parodien?

– I Norsk Målungdom var det ingen som reagerte på det, heller ikkje sentralt i Mållaget. Det var vel éi dame som ringte inn og spurte kva folk ville tenkja om oss etter dette. Men det var faktisk mange som melde seg inn etter den sketsjen, fortel Hope.

Skjermdump/NRK

Då «Noreg über alles» gjekk på skjermen i januar 2008, la Mållaget ut ei melding på nettsida si med teksten «Ikkje ver ein noldus – meld deg inn». Ifølgje VG fekk dei og Norsk Målungdom til saman 40 nye medlemer på to dagar.

«Om desse melde seg inn fordi dei vart sure på framstillinga av målrørsla, eller fordi dei syntest det var kult av målrørsla å innta ei slik sjølvironisk og tilbakelent haldning, er uvisst. Men eg vil tru det var det siste,» skriv Anders Aanes i Ivar Aasen-tunet i eit blogginnlegg.

– Kva er det som gjer at det er innanfor å framstilla mållaget som nazistar?

– Det er vel det at det er så rart. Det blir ein karikatur på ein karikatur, seier Hope.

– Treng mållaget ein krigar som kan knusa bokmålet?

– Nei, me klarer oss bra med Magne (Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, journ.mrk.). Du kan seia mykje bra om Magne, men nokon krigar er han ikkje.

– Og så er ikkje målet å knusa bokmålet, men å få nynorsken til å veksa. Det trur eg har vore fokuset til alle som har jobba her gjennom åra, legg målungdomsleiaren til.

 

«Kva er greia?»

Elise Tørring fortel at ho ikkje såg «Noreg über alles» då han vart send på tv, men at ho har sett seg opp seinare. For henne og mange andre har det vore naudsynt for å bli innvigd i den interne kulturen i rørsla.

Skjermdump frå NRK/Uti vår hage

Men kor lenge sketsjen til Antonsen, Eia og Tufte Johansen blir ståande som eit felles referansepunkt i rørsla, er like usikkert som livet sjølv.

– Det har nok dabba litt av etter kvart. Då eg byrja i Norsk Målungdom, hadde alle sett det. No er det heller sånn at ein får høyra om det når ein blir med i Norsk Målungdom, seier Fredrik Hope.

Er ein ikkje blant dei innvigde, er det mykje ein kan lura på. Som eit yngre medlem skreiv i Facebook-gruppa til Norsk Målungdom i fjor:

«Dette har eg lurt på ei stund: kva er greia med målungdommen og mozell?»

«No har du noko morosamt i vente!», svara Gunnhild Skjold i Studentmållaget i Tromsø, og lenka til Uti vår hage-episoden i nettspelaren til NRK.

Inntil nokon andre tullar like godt med målfolket, er det framleis mange som har noko morosamt i vente i «Noreg über alles».