Desse vgs-elevane vil ha ekstrapoeng for nynorsk

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Seier «ja, takk» til forslag om ekstrapoeng for nynorskelevar

– Det er blitt klarare for oss at sånn som skulen er lagt opp i dag, så er ikkje nynorsk- og bokmålselevar likestilte, men bokmålselevane er i røynda favoriserte. Då må me finna tiltak som gir meir reell likestilling, seier nestleiar i Noregs Mållag, Jens Kihl.

Kihl har leia arbeidet med nytt arbeidsprogram for Noregs Mållag. I programutkastet som vart lagt fram før jul går dei inn for at vidaregåande skule-elevar med nynorsk som hovudmål skal få eit ekstrapoeng ved opptak til høgare utdanning.

Bakgrunnen for forslaget er at nær halvparten av elevane med nynorsk som hovudmål i grunnskulen byter til bokmål som hovudmål på vidaregåande skule.

Jens Kihl har leia arbeidet med nytt program for mållaget. Foto: Noregs Mållag

Like viktig som latin

Jens Kihl forklarar at ekstrapoenget særleg er meint å skulla motverka «taktisk målbyte»: At nynorskelevar byter til bokmål i håp om å få betre karaktersnitt.

– Dette er elevar som slik me ser det ikkje eigentleg har eit stort ønske om  å byta mål, men karaktersystemet er lagt opp slik at det i praksis er lettare å få god karakter i sidemål enn i hovudmål.

– Så er det sånn i dag at ein kan få ekstrapoeng for ei lang rekkje ting, og då meiner me at det til dømes er like viktig at nynorskelevar skal kunna halda fram med nynorsk som at ein skal få ekstrapoeng for å læra latin, seier Kihl.

– Er det realistisk å få gjennomslag for dette?

– Det er realistisk viss det finst politisk vilje på Stortinget til å sikra at nynorskelevar ikkje skal tapa på å halda fram med nynorsk på vidaregåande. Når det er politisk vilje til å gi ekstrapoeng for alt frå kjemi til folkehøgskule, bør det vera politisk vilje til dette òg.

Skeptisk målungdom

Elise Tørring har representert målungdommen i arbeidsprogramnemnda. Foto: Ole Kristian Dybvik og Mia Holvik

Norsk Målungdom er likevel ikkje begeistra for forslaget. Elise Tørring, nestleiar i målungdomen, har tatt ut dissens mot forslaget i arbeidsprogrammet, og forklarer det med eit landsmøtevedtak frå 2013 som gjekk imot forslaget om ekstrapoeng for nynorskelevar.

– Det handlar om at me er litt skeptiske til korleis det vil fungera i praksis, og om det kan føra til misbruk ved at bokmålselevar byter til nynorsk rett før eksamen og få ekstrapoeng utan ekstra innsats, seier Tørring.

– Me meiner òg at kompetansemåla i utgangspunktet skal vera dei same for hovudmål og sidemål.

Nestleiaren understrekar likevel til at Målungdommen skal ha saka opp til ny drøfting på sitt landsmøte i forkant av landsmøtet i Mållaget.

Cindy Tran (18) og Ola Fitjar (19) i tredjeklasse på Stord vgs kunne godt tenkt seg å få ekstrapoeng for å ha nynorsk som hovudmål. Foto: Svein Olav B. Langåker

Ja, takk til ekstrapoeng

På skulen med flest nynorskelevar i Noreg, Stord vidaregåande, blir forslaget om å gi ekstrapoeng godt tatt imot mellom dei Framtida.no snakka med.

– Viss me får ekstrapoeng, så vil det vera ei gulrot slik at fleire vil ta det, seier Cindy Tran. Ho får støtte av Ola Fitjar, som ho går sisteåret på studiespesialisering saman med.

– Det er greitt at dei vil støtta nynorsken, seier han.

 

 

 

Fakta

I dag kan ein få følgjande poeng, i tillegg til karakterpoenga:

  • Realfagspoeng
  • Språkpoeng
  • Kjønnspoeng
  • Poeng for opptaksprøvar
  • Alderspoeng
  • Tilleggspoeng for folkehøgskule, militærteneste eller sivilteneste

(Samordna opptak)