Reklamerer for falskt universitet

Frode Grimelid
Publisert
Oppdatert 17.03.2018 00:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske studentar fryktar at berre dei rikaste har råd til utdanning med god kvalitet. Dei meiner mange blir lurte til å betale for dårlege utdanningar.

Studentane og Akademikarane sitt Internasjonale Hjelpefond (SAIH) og Norsk studentorganisasjon (NSO) har gått saman om ein kampanje for å få merksemd om at det etter kvart finst svært mange som tilbyr høgare utdanning for betaling, og at mange av desse held låg kvalitet.

https://www.facebook.com/saihnorway/videos/10154604875637168/

Rektoren i videoen er alt anna enn tillitvekkande, men to norske studentorganisasjonar meiner han er eit godt bilde på kva som skjer rundt om kring i verda.

– Som nordmenn er det vanskeleg å sjå føre seg slike universitet, men det er realiteten i mange land, seier Beathe Øgård som er leiar i SAIH.

Beathe Øgård er leiar i Studentane og Akademikarane sitt Internasjonale Hjelpefond. Foto: SAIH/Kristin Marie Skaar

Skilje mellom rik og fattig

– Talet på private aktørar har auka, og sosiale ulikskapar forsterkast ved at berre dei rikaste har råd til å skaffe seg utdanning med god kvalitet, seier Øgård.

– Er det eit problem at utdanningsinstitusjonane er private?

– Nei, denne kampanjen handlar om kvalitet i både offentlege og private utdanningar. Samtidig har vi sett at det har vakse fram mange private som fyller eit rom på grunn av kronisk underfinansiering av dei offentlege, seier Øgård.

Ho viser til at betre grunnskuleutdanning har ført til fleire studentar som vil ha høgare utdanning. Samtidig er det mange land som ikkje har politisk vilje eller moglegheit til å finansiere utdanning på høgare nivå. Resultatet er at studentane må betale skulepengar til aktørar som ikkje alltid set studentane først.

Får ikkje vitnemål

Tal frå FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon (UNESCO) viser at veksten i private skular er stor, og at mange av dei ikkje er offentleg godkjende. Eit døme er Indonesia, der 3422 av 4274 høgare utdanningsinstitusjonar ikkje var godkjende. Studentane får derfor ikkje gyldige vitnemål.

– Høgare utdanning er ein rett og eit felles gode. Vi må ta denne utviklinga alvorleg og sjå utdanning i ein større heilskap, seier Mats Johansen Beldo i NSO. 

Leiar i Norsk studenorganisasjon Mats Johansen Beldo. Foto: NSO/Skjalg Bøhmer Vold

– Kva kan Norge bidra med?

– Tanken no er at utviklingsmidlane skal gå til grunnskulen først, men vi meiner vi må tenke meir heilskapleg. Mellom anna må vi tenke på dei som skal bli læraren i grunnskulen, seier Øgård.

– Korleis gjer vi det?

– Vi vil auke delen av utviklingsmidlane som går til utdanning til 15 prosent innan 2020. Med meir pengar i potten blir det også meir til høgare utdanning.

Vil prioritere dei fattigaste

Utviklingsminister Nikolai Astrup (H) gir SAIH og NSO rett i at behovet for tiltak retta mot høgare utdanning er stort.

– Vi ser at etterspurnaden etter høgare utdanning aukar, samtidig som dei offentlege investeringane ikkje held tritt. Mange stadar blir ein større del av kostnadane skyvde over på studentane. Aukande kostnader og låg kvalitet er uroande uavhengig av om institusjonen er privat eller offentleg, svarar Astrup i ein epost til Framtida.no.

Nikolai Astrup (H) er ny bistand- og utviklingsminister. Foto: nyebilder.no

Han meiner godt regulerte private institusjonar kan vere med på å gjere tilbodet betre.

Vidare viser han til NORHED-programmet, som styrkar høgare utdanning i utviklingsland. Der er det eit samarbeid med 60 universitet i Afrika, Asia og Latin-Amerika.

– Meir enn 3400 studentar tar NORHED-støtta studium, seier Astrup.

NORHED-programmet blir no evaluert for å sjå om noko kan gjerast betre.

Sjølv om Astrup meiner støtte til høgare utdanning er viktig, vil han framleis prioritere grunnskulen.

– Støtte til høgare utdanning kjem i mindre grad til gode for den fattigaste delen av befolkninga. Vi ønsker å bruke norske bistandsmidlar der dei er mest effektive, og retta mot dei som er i størst naud. Norge vil derfor framleis prioritere støtte retta mot lågare utdanningsnivå og sårbare grupper.