Tuva Krogh Widskjold: Glad for ny utviklingsminister

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Glad for ny utviklingsminister

Tuva Krogh Widskjold er svært nøgde med den nye utviklingsministeren, seier ho i ein kommentar til Framtida.

– Dette er ein stor dag, vi treng ein minister som ser lengre enn å sikre interessane til Noreg. Astrup må sikre samstemmigheit og ta tak i utfordringane som må løysast på tvers av departementa, jublar ho.

Tuva Krogh Widskjold

Tuva Krogh Widskjold er leiar i Changemaker. Foto: Changemaker

– Ei av de viktigaste oppgåvene for Astrup vil vere å gjere noko med eit utdatert skattesystem for å kjempe mot kapitalflukt og skatteunndraging. Pengar som kunne ha vore brukt til helse, utdanning og utvikling endar i dag opp i skatteparadis.

Ho meiner at vi kan vere med på eit historisk løft mot fattigdom og ulikskap om vi endrar denne trenden.

– Det er viktig at Astrup sikrar at ikkje norsk bistand vert byta for returavtaler av norske asylsøkjarar. Utviklingspolitikk handlar om å setje interessene til utviklingsland først, noko verda treng valdsamt. Noreg har ein sjanse til å ta leiinga i eit internasjonalt løft for utvikling, avsluttar Widskjold.