– Jakta på lykka gjer deg ulykkeleg

Forskarar har komme fram til at dess meir tid du brukar på å finne lykka, dess mindre lykkeleg blir du.

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å finne lykka kan ta tid. For nokon tar jakta så mykje tid at ein føler at det ikkje finst tid igjen. Dei får ei oppleving av at tida er knapp, og kjenner seg dermed ulykkelege i staden.

Aekyoung Kim ved Rutgers University i USA og Sam Maglio ved University of Toronto Scarborough i Canada har studert korleis lykkekjensla påverkar oppfatninga vår av tid.

Lykka et opp tida

– Tida ser ut til å forsvinne i jakta på lykka, men berre om lykka blir sett på som eit mål som treng vedvarande forfølging, forklarer forskarane i ei pressemelding på springer.com.

Dei som i staden tenker på lykke som noko dei allereie har oppnådd, har ei anna oppfatning av tid.

Resultatet kom dei fram til ved å få ei gruppe menneske til å tenke på eit mål dei ønsker å nå for å oppnå lykke. Samtidig skulle dei sjå ein kjedeleg film. Ei annan gruppe skulle i staden tenke på mål dei allereie hadde oppnådd. Desse fekk samtidig sjå eit humorprogram. Til slutt skulle kvar gruppe rapportere kor mykje fritid dei føler dei har.

Påverkar livsval

– Å gjere seg erfaringar, og å nyte kjenslene som oppstår, tar meir tid enn å til dømes kjøpe seg materielle gode. Ei kjensle av tidsknappheit kan derfor føre til at ein heller vil velge materielle eigedommar enn å nyte fritid, seier forskarane.

Dei meiner at opplevinga av kor mykje fritid ein har, også påverkar livsval og korleis ein føler seg. Derfor meiner dei det er viktig å forske meir på kva som gjer at folk opplever og brukar tida ulikt for å oppnå lykke eller andre mål.

LES OGSÅ: Håvard finn lykka i skyene