Psykiske lidingar blir meir og meir vanleg for tenåringsjenter

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Psykiske lidingar er eit av viktigaste temaa i rapporten «Forekomst av psykisk helse i Norge» Folkehelseinstituttet (FHI) presenterte i dag.

Det viktigaste funnet i rapporten er at jenter mellom 15 og 17 år har fått langt verre psykisk helse, frå fem prosent med diagnosa psykisk liding i 2011 til sju prosent i 2016. Gutar i same alder ligg på omlag halvparten av dette.

Finnmark, Sogn og Fjordane og Østfold var fylka med klart høgast tal på jenter med psykiske lidingar, og Oslo og Akershus hadde lågare tal, men alle fylka hadde auke. Innvandrarar og dei med låg sosioøkonomisk bakgrunn hadde noko høgare tal.

– Vi fann først ei tydelig auke i diagnosar for jentene i aldersgruppa 15 til 17 år frå 5 prosent i 2011 til 7 prosent i 2016. Da vi såg på aldersgruppa 18–20 år, fann vi same mønster der: Delen som er registrert med psykiske lidingar har auka med 40 prosent, seier Pål Surén ved FHI til NTB.

Desse lidingane er hovudsakleg depresjon og andre stemningslidingar som angst, eteforstyrringar og tilpassingsforstyrringar.